Hangurstoppen Restaurant: Panoramautsikt og gode måltid

På toppen av gondolen, 808 meter over havet, ligg Hangurstoppen Restaurant, største fjellrestauranten i Vossafjella. Hangurstoppen Restaurent er eit naturleg samlingspunkt, med servering, kafé og afterski. Alt plassert på toppen av gondolen.

Restaurant har fokus på kvalitet og gode smakar, og legg vekt på å bruka sesongens beste råvarer. Her finn du både smakfulle rettar og nye smaksopplevingar, servert med panoramautsikt.

Velkomen til ei smakfull oppleving på Hangurstoppen!

 

Slik kjem du deg til toppen

Reisevegen til restauranten er spektakulær: du må nemleg ta gondolbane for å kome fram. For å koma til Hangurstoppen Restaurant tek du gondolen frå Voss stasjon, raskt, enkelt og miljøvenleg.

Billettar til gondolen må bestillast av gjesten sjølv, og kan kjøpast på nett eller i billettluka på Voss stasjon.

 

Hangurstoppen Restaurant meny

 

Kan bestillast fram til klokka 15:00

Varm chèvresalat – 195 kr
Varm geitost servert på sprø salat med honning, nøtter og lett vinaigrette.

Allergener: 1, 7, 10, 11

Klassisk Cæsarsalat – 195 kr
Romanosalat med parmesan, kylling, sprø bacon, krutongar og kremet cæsardressing.

Allergener: 1, 3, 7, 10

Grøn hagesalat – 165 kr
Frisk miks av sesongens salat, agurk, cherrytomat og husets vinaigrette.

Allergener: 1

Allergener:
1: Gluten 2: Krepsdyr 3: Egg 4: Fisk 5: Peanøtter 6: Soya 7: Mjølk 8: Nøtter 9: Selleri 10: Sennep 11: Sesamfrø 12: Sulfittar 13: Lupin 14: Blautdyr

Reserver bord hjå oss

Me har drop-in for alle gjester, men ynskjer du å vera sikker på å få plass, anbefalar me å reservera bord på førehand.

Ved bordreservasjon og bestilling frå à la carte-menyen får du gondolbillett tur/retur til 100 kr. Etter at reservasjonen er gjennomført, får du tilsendt ein promokode som gjev rabatt når du bestiller gondolbillett på nett.

Me ser fram til å ynskje deg velkomen!

Møte, konferanse og selskap

Hjå Voss Resort kan me legge til rette for ulike typer arrangement med utsikt. Me tilbyr ei unik ramme for å halde møter, kurs, konferansar og selskapsarrangement.

 

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om menyen, allergiar eller arrangement? Ta kontakt – me hjelper deg gjerne!

E-post: post@vossresort.no
Telefon: +47 4700 4700