Webkamera og føremelding Voss Resort

Webkamera frå Voss Resort

Me har fleire webkamera plassert rundt i anlegget sånn at du får eit godt innblikk i korleis forholda er og kor mykje trafikk det er i anlegget. Kameraene sender direkte 24/7.

Du kan óg sjå vår Youtube-kanal, og om du verkeleg vil, så kan du få inn kanalen på Altibox, RiksTV, Telia eller AppleTV.

Siste vêr og føremelding

Lurer du på om me har fine forhold, eller korleis ståa er i anlegget? Her får du all informasjonen du treng.

Dagens forhold
Strålende sol -12°C

Strålende sol

Kjempebra forhold!
Vind: 3 m/s (Svak vind)
Snø siste døgnet: 0 cm
Snødjupn, løyper: 0 cm
Snødjupn, terreng: 0 cm
Vêr- og føredata er leverte av Fnugg, YR, Meteorologisk institutt og NRK
Det går mot vinter og sesongopning! ❄️🎿

Dagrapport 25. november 2026, 04:20

Det går mot vinter og sesongopning! ❄️🎿

Vi har hatt ein skikkeleg god kuldeperiode den siste tida, noko som har gitt oss svært gode forhold for snøproduksjon. Det ser no særs lovande ut fram mot planlagt sesongopning 4. desember!

Driftsgjengen står på for fullt med førebuingane, og vi jobbar målretta for å få mest mogleg klart til vi kan ynskje dykk velkomne til ein ny vintersesong på Voss.

No gler vi oss verkeleg til å sjå dykk i bakken igjen! ❤️