Bavallen Basecamp

Med Bavallsekspressen som nærmaste nabo og barneområde i «hagen» har me no gleden av å presentera eit heilt nytt moderne og innbydande prosjekt Bavallen Basecamp i Voss Resort.

Bavallen Basecamp som består av inntil 52 leilegheiter fordelt på 4 bygninger er offentleg godkjent regulert. Prosjektet kjem nederst i Bavallen like ved nedre stasjon Bavallsexpressen og Grebbesbakken. Storleik på leilegheitene er ca. 49-69 m².

Investerer 90 millionar i første byggjesteg

Det er ikkje berre eit nytt leilegheitsbygg som tek form i Bavallen. Med Bavallen Basecamp set Voss Resort i gang ei større oppgradering av heile botnområdet.