Vinter hjå Voss Resort
Voss Resort er eitt av dei største skianlegga i Vestlandet, med 24 løyper og 45 km med preparerte nedfartar i ulike vanskegrader – frå familievennlege trasear til internasjonale konkurranseløyper som storslalåm og Super-G. Her er det noko for alle, uansett nivå.


Med 10 skiheisar og kapasitet på over 13 000 personar i timen, kjem du raskt ut i bakken. Du kan nyte kveldskøyring i over 10 km opplyste løyper, flotte off-piste-forhold, og 18 km med langrennsløyper. For dei yngste er det tre barneområde, og nybegynnarar får god hjelp frå skiskulen og skiutleige.
Se gjerne vårt løypekart for betre oversikt over barneområde, lysløyper, frikøyring og løyper for alle nivå. Last ned løypekart for Voss Resort.
Og Voss har meir enn ski: prøv innandørs fallskjermhopping, symjebasseng, eller den verdskjende rundreisa “Norway in a Nutshell”, som startar på Voss stasjon – berre 10 minutt frå skianlegget.
Skileige
Vil du bli tryggare på ski, eller ta ferdigheitene dine til neste nivå? Voss Resort Skiskule tilbyr både privatundervisning og gruppeundervisning, slik at du får ei oppleving som passar akkurat deg.
Privatundervisning gir deg tett og personleg oppfølging. Instruktøren skreddarsyr timen etter dine behov og ynskje – uansett om du er nybyrjar eller erfaren skiløpar.
Gruppeundervisning er eit sosialt og lærerikt alternativ der du lærer saman med andre på same nivå.




