Ola og Yasmin – fødd med ski på beina?
Det er ikkje langt i frå sanninga at både Yasmin og Ola vart fødd med ski på beina, men at dei byrja tidleg, kan me i alle fall sei. Dei er begge to fast inventar i Voss Resort og om du spottar dei i anlegget, då ser du nokon som kosar seg skikkeleg, og gjerne frå tidleg morgon til seine kvelden.


– Til eg vert 80 år!
Då Ola var 8 år blei han med storebror Ask i bakken for første gong. Sidan då har Ola storkost seg i parken. Han elskar å læra seg nye triks og stadig bryna seg på nye utfordringar. I følgje Ola sjølv er det viktig å pusha grensene for å bli betre på ski.
Når me spør kor lenge han har tenkt å stå på ski, kjem da kontant: «Til eg er 80 år!»
– Den perfekte skidagen for meg er å få ein god frukost og så dra rett ut på ski til langt ut på kvelden. Og så må du få i deg mat på dagen, òg. Så er det rett på ski igjen neste dag, fortel Ola Mortensson ivrig.


Ein arena for venskap og samhald
Yasmin er svært aktiv og brukar særs mykje tid med ski på beina. Ho er trenar i Voss Freestyle, der ho blant anna coacher jenter. Ho ynskjer å bidra til at fleire får oppleve skileik og auka meistring i parken.
– Det er veldig kjekt med samhald og progresjon. Jentene berre «gønne» på og det skaper meistringsglede for alle. Eg trur dei tar med seg den gode følelsen heim og kjenner på den heile veka. Det skapar rein glede, fortel Yasmin.
Ho elskar dei fleste aspekta med å stå på ski, frå å sette ein god sving til å køyre pudder eller trikse i parken.
– I det eg klikke i skia mine, føler eg meg som ein liten unge. Det er ei heilt fantastisk fin kjensle, seier Yasmin med eit smil om munnen.



