Tilflyttarane Mildrid og Kjersti
For Mildrid og Kjersti var ønsket om å bu tettare på fjellet og skibakkane avgjerande då dei valde å flytte til Voss. Med Voss Resort som næraste nabo fann dei ein kvardag der det er lett å kome seg ut og der skikøyring har blitt ein naturleg del av livet. No ser dei seg ikkje tilbake.
Eit val styrt av fjellet
Å flytte berre for nærleik til det perfekte skiterrenget er kanskje ikkje noko alle gjer, men for Mildrid var det ein sjølvfølge. Både Oppdal og Lillehammer blei vurdert, men Voss utpekte seg som eit glimrande alternativ. Ho fekk jobb på dagen på Voss sjukehus, pakka og reiste, og sidan har ho ikkje sett seg tilbake.


– Eg budde på Sunnmøre og stod mykje på ski, men avstandane var så lange med ferger og køyring. Utolmodig som eg var, kikka eg på kartet for å finna ein stad med bra skibakkar og sjukhus. Eg er intensivsjukepleiar og trong nærheit til begge delar, fortel Mildrid.


«Ivrigare enn ungane»
Kjersti var godt vaksen då ho flytta til Voss. Når ho stod på toppen av Slettafjellet første gongen turte ho ikkje å køyre ned, men no er det berre enkelt. Etter uhorvelege mange timar med barna har Kjersti blitt ein racer på ski og nyttar godt årskortet når vêrgudane spelar på lag.
– Eg er no ivrigare enn mine eigne barn, men barnebarna, tiåringane, dei sklir jo fletta av meg, ler Kjersti.
Å flytte for det som gjev energi
Skikøyring gjev energi, meistring og påfyll for begge to – sjølv om dei brukar fjellet litt ulikt. Den eine trivst best i laussnøen, den andre i preppa løyper. Felles er gleda over å kome seg raskt til fjells og utnytte gode forhold i Voss Resort, ofte saman.
– Det er moro å leike og det gjev meg masse energi. Eg er veldig glad i naturen, det gjev meg ro og avkopling, seier den alltid så blide Mildrid.




Ekte skileik sidan 1948
«Hent skitrekket, eg garanterer for resten av pengane», sa ein anonym Vossing våren i 1947 – og sidan har me ikkje sett oss tilbake.





