Per Finne – forma i fjellet på Voss

Frå Hanguren til verkstaden

Per Finne er omtrent vakse opp i Voss Resort og Hanguren har på mange måter definert livet hans. I ungdomstida hadde han ikkje råd til å kjøpe seg eit snøbrett frå USA, så han bestemte seg like gjerne for å lage sitt eige.

Dette blei byrjinga på ei lang og innhaldsrik karriere som industridesignar med produkttesting i skianlegget.

Dei mangfaldige timane med skileik har definert ein større del av livet til Per. Etter snøbrettet han laga til seg sjølv for snart førti år sidan, har det blitt både hjelmar, ski og stavar i Per sin designkatalog.

– At verkstaden og skianlegget ligg nært ser eg på som ein stor fordel. Det å sitje og jobbe med ein prototype, for så å kunne dra kjapt ut å teste den, og deretter kome tilbake på verkstaden og gjere justeringar, er unik, seier Per.

Raskt til fjells

Per vaks opp på Finne med kort veg til Hangursbana. Etter nokre år vekke frå Voss var det ingen tvil om at han ville tilbake. Då han returnerte for godt over tjue år sidan ønska han, som i oppveksten, nærleik til Hanguren.

– Det unike med Voss tenkjer eg er gondolen, både den gamle og nye, som gjev ei unik moglegheit til å kome seg raskt til fjells, seier Per.

Ei drivkraft i bygda

Voss Resort, eller Fjellheisane som det heitte i gamle dagar, har betydd mykje for miljøet på Voss. Skisenteret og fjella står sentralt i det å definera det aktive miljøet og folkesjela hos dei naturglade Vossingane. Fleire arrangement og aktivitetar har oppstått i kjølevatnet av Voss Resort si 75 år lange historie.

– Ein hadde ikkje hatt dei same folka på Voss utan skianlegget. Det er eg heilt sikker på, avsluttar Per før han hoppar på telemarkskia nedover bakkane.

Høyr historia til Per her: