Kvar går grensa di?

Voss Resort er ikkje polert eller forutsigbart. Det er forma av ekta vestlandsvêr, fjell og val som blir tekne undervegs. Når snøen legg seg i tretoppane, pudderet sit lett, og terrenget inviterer til leik, er resten opp til deg.

Meir enn berre ski

Ja, vinteren hjå Voss Resort handlar om ski. Men det stoppar ikkje i skiheisen. Hjå oss kan du utnytta heile dagen: måltid mellom svingane, mørkret som senkar seg medan lysa kjem på i bakken, og kjensla av å vera ute litt lenger enn planlagt.

Her bur du midt i vinteropplevinga. Frå døra er det kort veg til pudder, frikøyring og fjellutsikt. Ta ei pause, fyll på, og ver tilbake i bakken før kaffien rekk å bli kald. Eller ikkje. Dagen er din. Berre kom. Me har alt du treng.

Skikøyring i vestlandsfjella – utan oppskrift

På Voss handlar ikkje skikøyring om éin stil. Her møtest alpint, langrenn og topptur i same landskap, men med heilt ulike rytmar. Me byr på rå natur, ruskete vêr og terreng som krev litt tilbake. Kva har du å by på?

Alpint – fart, flyt og naturleg terreng

Alpintkøyringa er kjernen i vinteren hjå oss. Terrenget er variert, levande og forma av fjellet. Frå breie løyper til brattare parti, skogskøyring og friare linjer når snøen spelar på lag. Slalåm eller snowboard – her er det plass til både presisjon og leik i same fjellside.

Vestlandsvêret er ein del av pakka. Nokre dagar er mjuke og tilgjevande. Andre krev fokus, tolmod og litt ekstra respekt. Begge delar høyrer med.

Langrenn – ro, rytme og høgde

På Hangurstoppen ventar langrennsløypene. Preparerte spor i variert terreng, med utsikt som gjer at stega går av seg sjølv. Perfekt som pause frå bakken – eller som hovudnummer for deg som likar og jamn flyt og stillheit.

Finn din neste skitur i løypekartet!

Topptur og randonné – for deg som vil gjere jobben sjølv

Fjella rundt Voss Resort er ikkje laga for å sjå fine ut. Dei er laga for å brukast – med respekt. Vil du ha utsikta og nedkøyringa, må du vera villig til å leggja inn stega først. Her finst det ingen snarvegar.

Randonné på Voss handlar om å lesa terrenget, vurdera forholda og ta eigne val undervegs. Til gjengjeld får du stillheita på veg opp, konsentrasjon før nedkøyringa og ei kjensle som sit lenge etter at skia er teke av.

Kveldskøyring – du er ikkje ferdig enno

Når mørket tek over og lysa i bakken kjem på, får fjellet eit heilt anna uttrykk. Kveldskøyring på Voss er ikkje berre eit tillegg – det er ei eiga oppleving. Færre folk. Kaldare luft. Skarpare svingar.

Med opplyste løyper i ulike vanskegrader kan du stå på ski ekstra lenge, køyre etter jobb eller skule, eller ta ein ekstra runde i løypa når ungane er lagt.

Treng du påfyll for å halda det gåande? Hangurstoppen Restaurant, Storastovo og Varmestova held ope på kveldstid – perfekt for å lada batteria med noko varmt i koppen, litt å eta og akkurat nok energi til å ignorera det låra prøver å fortelja deg.

Skiskule – er du klar for neste sving?

På Voss står me ikkje stille – me blir tryggare, flinkare og litt modigare for kvar dag. Skiskulen hjelper deg å leggja eit grunnlag som gjer at du faktisk får brukt fjellet. For når terrenget er variert og føret skiftar, er det greitt å ha teknikken på plass.

Her lærer små og store å bli trygge på ski, flytta eigne grenser litt etter litt – og vera klare for nye utfordringar rundt neste sving. Med leik, progresjon og instruktørar som veit når dei skal pressa forsiktig på, blir meistring ein naturleg del av opplevinga.

Mat i bakken – påfyll mellom rundane

Når låra brenn, lufta bit og det framleis er fleire svingar att, treng du drivstoff som held deg gåande litt til. Rundt i anlegget finn du fleire stader å ta pause – anten du vil ha noko raskt og varmt, eller setja deg ned og nyta utsikta.

Midt i den rå vestlandsnaturen finn du:

Maten er ikkje ein pause frå skidagen. Han er ein del av han.

Afterski og sosial vinterstemning

Afterski på Voss er uformell og ekte. Her samlast folk som har vore ute heile dagen – for å landa, dela historia og sjå kva kvelden blir til.

Lounge på Hangurstoppen eller klassisk afterski på Bavallstunet. Du vel sjølv.

Sjekk kalendaren for å sjå kva som skjer!

Vinter for aktive familiar

Voss Resort er for familiar som likar å vera i rørsle saman. Her er det rom for leik, utvikling og felles opplevingar – utan at det blir for glattpolert.

Barneområde, skiskule og oversiktleg anlegg gjer det lett å kombinera læring, leik og utfordring. For familiar som vil litt meir enn berre «trygt og greitt». Sjå alle våre tilbod for barn og familiar!

Rett frå tog til fjell

Vinteren hjå Voss Resort er utan omvegar. Gå av toget i sentrum, sleng skia under armane og gå nokre meter bort til gondolen som tek deg rett opp i fjellet. Gondolen er inkludert i alle våre skikort.

Voss sentrum – kort veg frå kaffikopp til topp

På Voss har me kyrkja, pol, heis og gondol, pleier me å seie.

Men sjølv om sentrum er kompakt, er det langt frå tomt. I sentrum finn du:

  • kaféar, restaurantar og pubar
  • kultur, kino og konsertar
  • butikkar og servicetilbod
  • aktivitetar som vindtunell, basseng og bowling

Ditt neste vintereventyr ventar

Vinteren hjå Voss Resort er for dei som vil bruka fjellet. For dei som likar variasjon, utfordringar og dagar som utviklar seg undervegs. Her set fjellet rammene – og du fyller dei sjølv.

Berre kom. Me har alt du treng.