Varmestova i Bavallen

Varmestova ligg i Bavallen og er lett å nå med bil. Dette er ein naturleg stad å stoppe for ei pause, med noko varmt i koppen og ei godbit frå kiosken. Her finn du ferske bollar, ferdigsmurde smørbrød, kakao, kaffi og andre forfriskingar.

Rett ved bygget ligg både billettluke og skiband, noko som gjer Varmestova til ein perfekt startplass for skikøyrarar i alle aldrar. Under kveldskøyring held me ope, slik at du kan varme deg og fylle på energi medan bakkane lyser opp vinterkvelden.