Storastovo på Slettafjellet

Storastovo ligg på Slettafjellet, midt i hjartet av Voss Resort. Plasseringa gjer det til ein naturleg stad å stoppe for mat og drikke medan du er ute og køyrer, eller som eit perfekt utgangspunkt for vidare skikøyring i anlegget.

Her kan du nyte ein saftig burger, ei varm pølse eller ein smakfull gresk gyros, saman med favorittdrikken din, frå brus til noko meir kraftig. Når vêret er fint, tennar me utegrillen og skapar god stemning på terrassen.

Under kveldskøyring held Storastovo ope, slik at du kan få deg noko godt medan bakkane lyser opp rundt deg.