Hytteeigar

Leig ut hytta eller leilegheita di – heilt utan stress

Å vera hytteeigar i Voss Resort gir deg gode moglegheiter for utleige. Du får ei lønsam hytte – og me tek oss av maset.

Anten du vil leige ut når du ikkje brukar eigedomen sjølv, eller berre treng nokon som ser til hytta mellom opphalda, har me løysingar som gjer kvardagen lettare.

Utleige via Voss Resort

Få meir ut av eigedomen din når du ikkje brukar han sjølv.

Når du leiger ut gjennom Voss Resort, tek me hand om heile prosessen. Marknadsføring, booking, reinhald, tilsyn og utbetaling – alt går gjennom oss. Du vel sjølv når eigedomen skal vera tilgjengeleg for utleige, innanfor avtalte rammer.

For deg som vil ha ekstra inntekter – utan ein ekstra jobb.

Hytteservice

Nokon som ser til hytta – også når du ikkje er der.

Hytteservice er for deg som vil at eigedomen skal haldast i orden året rundt. Me tek oss av både planlagde oppgåver og det som dukkar opp undervegs – frå snømåking og vedlikehald til reinhald og mindre arbeid.

Ei trygg løysing for deg som berre vil nyta hyttelivet med minst mogleg arbeid.

Kom i gang

Har du spørsmål om utleige, hytteservice eller moglegheiter for di hytte eller leilegheit? Gi oss ein lyd på post@vossresort.no. Me tek gjerne ein prat – heilt utan forpliktingar.