Skal du ha dagskort eller sesongkort til gondolen, eller nytta skiheisar i vintersesong, må du ha Keycard. Dette gjeld og born under seks år.
Om du har eit Keycard frå før: Du kan lade dette opp i vår nettbutikk. Keycardet lastas automatisk opp fyrste tur i heisen når du går gjennom vendekorset.
Om du ikkje har eit Keycard frå før: Kjøp dette online hos oss når du kjøper heiskort. Når du kjem til oss henter du Keycardet ditt hjå gjesteservice eller i ein av våre automatar. Neste gong du besøker oss kan du lade opp dette Keycardet før du kjem og gå rett i heisen.
Dersom nokon i fylgjet ditt har Keycard, medan andre ikkje har det frå før kan du framleis kjøpe dette i vår nettbutikk. Lad opp Keycardet til dei av dykk som har dette, og kjøp nytt til dei som ikkje har kort frå før.