Historisk andletslyft for Bavallen

Investerer 90 millionar i første byggjesteg

Det er ikkje berre eit nytt leilegheitsbygg som no reiser seg i Bavallen. Med prosjektet Bavallen Basecamp tar Voss Resort fatt på ei omfattande fornying av heile botnområdet – ei etterlengta modernisering av bygningar som har stått der sidan den gamle Bavallsheisen opna i 1973.

Byggjearbeidet på første del av Bavallen Basecamp er no i full gang. Av dei 27 leilegheitene i første steg er heile 19 allereie selde, og innflytting er planlagd i 2027. Men dette er berre starten på ein større transformasjon.

Frå 1973 til moderne fjellkos

Når heile prosjektet står ferdig, vil Bavallen Basecamp bestå av totalt 52 leilegheiter, skikafe og skiutleige. For å få plass til denne satsinga, må trufaste tenarar vike veg: Dagens varmestove og skiutleige skal rivast før del to av prosjektet startar opp.

– Den eldste bygningen i området er botn stasjon for gamle Bavallsheisen frå 1973, så det er på høg tid med eit skikkeleg andletslyft for nedre del av Bavallen. Dette handlar om å oppgradere området for framtida, samstundes som me tar vare på dei kvalitetane gjestene våre likar, seier Adm. dir. i Voss Resort Øyvind Wæhle.

Også dei minste skikøyrarane har noko å gle seg til. Som ein del av utviklinga vil barneområdet med Grebbesbakken no få ei betre tilknyting til Basecamp-anlegget.

Knut Kvarekvål, Odd-Arild Kyte, Øyvind Wæhle - Voss Resort, Bjarne Hemre, Dalavind AS, Kjell Håkon Arnetveit Dalavind AS.

90 millionar kroner til lokale verksemder

For Voss Resort har det vore eit medvite strategisk val å bruke lokal kompetanse. For første byggjesteg er det inngått kontraktar for rundt 90 millionar kroner med lokale entreprenørar. I tillegg er det gjort tomtekjøp hjå grunneigarar på Ringheim.

Totalentreprenøren Dalavind AS er sjølve symbolet på dette lokale løftet. Selskapet vart stifta med føremål om å byggje ut Bavallen Basecamp, og bak står dei erfarne aktørane Hemre Bygg AS og Byggmeister David Gjøstein AS.

I tillegg er det inngått kontrakter med følgjande lokale firma:

  • Flage Maskin AS
  • Bravida Voss AS
  • Stanghelle Rørleggerfirma AS
  • HLM Arkitekter

Ein base for det aktive livet

Bavallen Basecamp blir det ultimate utgangspunktet anten man føretrekkjer alpint, fjellski eller løpeturar i fjellet om sommaren. Med ski-inn/ski-out og moderne fasilitetar, legg me alt til rette for det gode hyttelivet i Vossafjella seier Wæhle

Med kun 8 ledige leilegheiter att i første steg, er det tydeleg at marknaden set pris på kombinasjonen av moderne arkitektur og den sentrale plasseringa i anlegget.

Fakta om Bavallen Basecamp:

  • Utbygger: Voss Resort Prosjektutvikling AS
  • Totalt: 52 leilegheiter, skikafe og skiutleige
  • Del 1: 27 leilegheiter (19 selde). Ferdig 2027.
  • Lokal verdiskaping: Kontrakter for ca. 90 mill. kr inngått med lokale firma på Voss.
  • Oppgradering: Oppgradering barneområde ved Grebbesbakken og modernisering av infrastruktur frå 1973.
  • For meir informasjon:  kontakt megler Lena Leikvoll tlf 48 08 13 61 epost: lena.leikvoll@em1sr.no