Voss er ein av dei mest kjende paraglidestadane i Noreg. Frå Hangurstoppen startar paraglidarane høgt til fjells, og du kan sjå dei sveva elegant over bygda før dei landar ved Vangsvatnet i sentrum.


Dette gjer Voss til ein unik stad for å sjå paragliding:
- Gondolen tek pilotane rett frå Voss sentrum til Hangurstoppen på under 9 minutt
- Store høgdeskilnader gjev lange og flotte flygningar
- Mange flyruter og gode forhold gjer aktivitet gjennom store delar av året
- Hovudlandinga ligg rett ved Vangsvatnet
Om du tek gondolen opp, kan du ofte sjå pilotane gjera seg klare på starten rett ved Hangurstoppen Restaurant. Herifrå får du eit flott overblikk når dei set av garde utover fjellsida.
Nedst i sentrum kan du sjå dei lande ved Vangsvatnet – eit populært samlingspunkt spesielt på fine sommar- og vårdagar.
For paraglidarpilotar
Voss er ein av dei mest brukte og mest populære flystadane i Noreg, med eit breitt spekter av forhold som passar både erfarne pilotar og dei som ønskjer gode distansetilhøve. Her finn du det meste ein pilot treng.


Fordelar med flyging på Voss
- Gondol frå 56 moh til Hangurstoppen (820 moh) på under 9 minutt
- Austvendt hovudstart med gode vinter-hengforhold
- Sørvendt start med god termikk
- Om lag 600 m høgdeskilnad
- Hovudlanding ved Vangsvatnet i sentrum
- Gode distansemoglegheiter i fleire retningar


Hovudstart – austvendt
Ligg langs Hanguren Panorama, nær Hangurstoppen Restaurant.
- Best tid: ca. kl. 10–11 på fine vinter- og vårdagar.
- Vinter: lett austavind gir stabilt heng.
- Frå mars: gode moglegheiter for termikk på klare dagar.
- Merk: Startområdet kan vere ujamnt om sommaren.
NB: Hald alltid god klaring til gondolbanen og kablane.
Sørvendt start
Ca. 200 meter til høgre for gamle Hangursrestauranten.
- Slakk og fin grasbakke som endar i ein tydeleg trekant.
- Set ofte opp god termikk i fjellsida.
- Typiske bobler:
- Tidleg: venstre hjørne av start, ved vindpølsa
- Seinare: over heismasta nedanfor Hangursrestauranten
NB: Same regel: hald god klaring til gondolen og kablar.
Ettermiddagsforhold
- Solgangsbris gir ofte sidevind.
- Gjer start og landingar meir krevjande.
- Følg med på Vangsvatnet for teikn til vindskifte.
- Fly ned i tide for å unngå krevjande landingsforhold.
Meir teknisk info, værdata og klubbreglar finn du på vosshpk.no.


