terrengpark

#vossresort

Prøv terrengparkane våre

Hjå Voss Resort har du fleire moglegheiter dersom du likar å leika deg litt ekstra når du er på ski/brett.

Hovudparken vår ligg på Slettafjellet mellom heistrasé og nedfart 16. Her finn du diverse hoppelement og rails.

I tillegg finn du og ein mindre park i Alphaløypa (blå), som er ideell for kveldskøyringane på onsdagar og fredagar.

Samarbeidspartnaren vår Session har ulike arrangement i parken gjennom sesongen.
Sjekk aktivitetskalenderen vår for aktivitetar gjennom sesongen. 

Undermeny