Opplev skikøyring med Voss Resort Skiskule

Skiskulen hjå Voss Resort handlar om å inspirera og å få alle, uansett alder og ferdigheiter, til å oppleve det fantastiske ved skikøyring.

Skiskulen held instruksjon for både grupper og enkeltpersonar, born, vaksne, nybyrjarar og meir erfarne. Det er og mogleg å få instruksjon i parken på Slettafjellet.

Ting deg ein time og bli god på alpint, carving, telemark, snøbrett, parkkøyring, langrenn eller frikøyring/offpiste! Me har til ei kvar tid mange dyktige instruktørar i sving og instruerer på norsk, engelsk og tysk. Uansett kor erfaren eller uerfaren du er når det gjeld ski, så får du hjelp hjå oss. Har du erfaring frå før men ynskjer å utforske området med ein som er lokalkjend – bli med oss på ein guida tur!?

Voss Resort Skiskule finn du like ved billettluka i Bavallen, samt på Hangurstoppen. 


Skiundervisning for alle nivå 

Me deler skisundervisninga inn i 4 ulike nivå; grønt, blått, raudt og svart. 

Grønt nivå: Krev ingen forkunnskap om ski eller heiser. Dette er for deg som er nybyrjar. Du lærer deg balanse på ski, bremsing og svingteknikk. Skiband vert brukt som heis.

Blått nivå: Du har stått litt på ski før. Du kan bremse og meistrer svingteknikk. Kan ta stolheis åleine og mestrer grøne bakker.

Raudt nivå: Du har grunnleggjande skikunnskap og ferdigheit. Meistrer blå og grøne bakker på eiga hand. Er erfaren med stolheis og T-krok. 

Svart nivå: Du er ein habil skikøyrar som meistrer raude og svarte løyper. Du ynskjer å terpe teknikk og skikøyring med ulikt terreng og underlag. 


Prisar skiundervisning 2019/2020

NB: Rabatterte prisar om du har BTFordel

Gruppeundervisning (5 – 12 pers) 1 dg 2 dg 3 dg 4 dg 5 dg
Barn, 100 min per dag, pris per pers. 375,- 725,- 975,- 1250,- 1425,-
Barn, 180 min per dag, pris per pers. 475,- 825,- 1075,- 1350,- 1525,-
Voksen, 100 min per dag, pris per pers. 475,- 825,- 1075,- 1350,- 1525,-
Voksen, 180 min (inkl. 10 min pause) 795,- 1350,- 1795,- 2150,- 2450,-

NB! Ved gruppeundervisning for fleire personar, må alle vera på same nivå. Barn og vaksne kan ikkje instruerast i same gruppe.

Privatundervisning 1 pers 2 pers 3 pers 4 pers 5 pers 6 pers
50 minutt (kun grønt nivå og skiband) 750,- 1100,- 1400,- 1650,- 1900,- 2150,-
100 minutt (på Hangurstoppen eller i Bavallen) 1250,- 1650,- 2000,- 2350,- 2700,- 3050,-
180 minutt (på Hangurstoppen eller i Bavallen) 1950,- 2450,- 2900,- 3350,- 3800,- 4250,-

NB! Barn og vaksne kan ikkje instruerast i same gruppe.
 

Prisar guida turar 2019/2020*

Kva Antall timar Pris per pers
Park camp, ski eller snowboard 3 t 650,-
Guiding i skogsløyper og ekta Vossapudder 3 t 650,-
Guida toppstur 5 t 1250,-

* Minimum 5 personar. Alle turane eignar seg for både ski og snowboard. Har du ikkje utstyr sjølv har skiskulen/skiutleiga landets beste utval av av breie ski med skifell og topptur binding. Her kan du og låne splittboard. 

 

BTFordel

Har du BTFordel kort får du 15% rabatt på skiinstruksjon (minimum 2 personar). Time må bestillast i forkant. For bestilling ring 4700 4700, eller send e-post til skishop@vossresort.no. Hugs å oppgi at du har BT Fordel.

 

Kontakt Voss Resort Skiskule

Telefon: +47 4700 4700
E-post: skishop@vossresort.no 

Undermeny

Kjøp heiskort her