Julebord hjå Voss Resort: ekte julestemning, 818 moh!

Julebord på Hangurstoppen Restaurant er ei unik oppleving. Med storslått utsikt over fjella får du servert tradisjonelle og smakfulle julerettar i moderne omgjevnader. Her får du den perfekte ramma for ei minnerik førjulsfeiring. Med ein kapasitet på totalt 200 gjester kan me ynskje små og store bedrifter og organisasjoner, vener og familie velkomne til Hangurstoppen Restaurant. 

Bestill julebord

Bestill julebord ein av dei følgjande dagane:

  • Fredag 28. november 2025
  • Laurdag 29. november 2025

Ta kontakt med oss på post@vossgondol.no eller ring 4700 4700 for bestilling, spørsmål eller tilbod.

Grøn reiseveg og gode overnattingsmoglegheiter

Gondolbana tek deg frå Voss stasjon (56 m.o.h.) til Hangurstoppen Restaurant (818 m.o.h.) på under 9 minutt. Den sentrale plasseringa ved Voss stasjon gjer at du kan reise grønt og miljøvenleg med tog og gondol heilt frå Oslo eller Bergen.
Bergen til Hangurstoppen Restaurant = 1 time og 20 minutt!

Frå Voss stasjon har du kort gåavstand til Voss sine tre sentrumshotell: Scandic Voss, Park Hotell Vossevangen og Fleischer’s Hotell.