Kveldskøyring

#vossresort

Kveldskøyring i Voss Resort

Hjå oss finn meir enn 10 km lysløyper i både grøn, blå, raud og svart løype.
Kanskje Norges råeste kveldskøyringstilbod?

Følgjande løyper er lyssatt i Voss Resort: 

  • Slettafjellet, inkl. park (frå mellomavstigning, blå). NYHEIT SESONGEN 18/19!
  • Familieløypa (grøn og blå)
  • Badnakrokjen (grøn)
  • Alphaløypa (raud)
  • Storslalåmløypa (svart) – stengt tirsdagar og torsdagar grunna trening

Desse heisane går under kveldskøyring: 

  • Slettafjellet NYHEIT SESONGEN 18/19
  • Ekspressheisen
  • Badnakrokjen
  • Grebbesbakken


Opningstider kveldskøyring 18/19-sesongen

Kvar tirsdag, torsdag og fredag frå (14. desember – 15. mars). Med unntak av 25. desember og 1. januar.

  • Tirsdag 15:30/16:00 – 20:00
  • Torsdag 15:30/16:00 – 20:00
  • Fredag 15:30/16:00 – 21:00

Frå 14. desember – 23. januar er kveldskøyring frå kl. 15:30. Deretter frå kl. 16:00.

Storastovo vil vera open under kveldskøyringa torsdagar og fredagar. 

 

Prisar kveldskøyring 18/19

Type kort Vaksen Born Born
0 -6 år
Kveldskort 295,- 195,- Gratis
Dagskort + kveldskort / Kveldskort + Dagskort 610,- 460,- Gratis
Superweekend (fredag kveld + laurdag + sundag) 935,- 700,- Gratis

NB! Har du sesongkort hjå oss er kveldskøyring inkludert.
Studentar har eigen pris på kveldskort: kr. 200,- (hugs å ta med studentbevis). 
Vennligst merk at born frå 0 – 6 år skrir gratis i anlegget, men treng keycard.

 

Om lysa i Voss Resort

Lyset me nyttar er såkalla metallhalogen. Kvart lyspunkt trekker 150 W noko som er svært energiøkonomisk. Forbruket på ein kveld blir rundt 60 KW for 120 lyspunkt. Dette er mindre enn straumforbruket i eitt hus på eit døgn (snitt på 68 KW i følgje SSB).

 

Undermeny