Velkomen til Voss Resort - Noregs beste skiterreng
Voss Resort finn du berre 5 km frå Voss sentrum og 1 ½ time frå Bergen.
Hjå oss trivst heile familien, og me har løyper som høver for alle nivå.
Her finn du:
- 40 kilometer preparerte alpinløyper; alt frå enklare bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste.
- 10 heisar og trekk med ein samla kapasitet på heile 12 000 pers./time.
- 23 nedfartar, derav ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype.
- Fantastiske forhold og fleire område for laussnøkøyring.
- 18 kilometer preparerte og sporsette langrennsløyper.
- Kveldskøyring 3 gonger i veka; tirsdag, torsdag og fredag.
- 8 km med lysløyper (Storslalomløypa, Alphaløypa, Familieløypa og Badnakrokjen).
- Tre område for borna: Grebbesbakken, Badnakrokjen og Vetlebakken.
- Skiskule og skiutleige, i Bavallen like ved billettluka.
- Hovedpark på Slettafjellet, og ein park på Tråstølen (blå) som ein og kan bruka på kveldskøyring.
- Snøkanoner som sikrar snø i deler av anlegget heile sesongen.
- 4 serveringsstader i anlegget; Storastova på Slettafjellet, Varmestova i Bavallen, Bavallstunet og Hangursrestauranten.
- Overnatting i sjølvhushald hytter og leiligheiter, like ved skibakken.
- Afterski kvar fredag og laurdag.