Bavallen Grand Prix

Vintersesongens råaste lagkonkurranse!

Laurdag 21. mars klokka 08:00 går startskotet for Bavallen Grand Prix, ein lagkonkurranse der alle over 20 år kan delta, uavhengig av ferdigheiter. I Bavallen Grand kjemper hyttenaboer mot kvarandre, det er bedriftslag, vennegjenger, familielag og dei blodseriøse. Medan nokre går all in for å få beste tid og har kvalifiseringsrundar for å bli ein del av eit lag, er andre med kun fordi det er moro - gjerne i utkledning.  

Kvart lag består av fire personar, og alle skal gjennom ei lang og variert løype som slyngjer seg på kryss og tvers gjennom fjellet. Arrangementet går føre seg tidleg om morgonen før skianlegget opnar, og kombinerer skikøyring, lagånd og god stemning.
Det vert premier til dei som får beste tid, men i tillegg har me også ei idealtid. Det betyr at ein kan vinne, sjølv om ein ikkje er raskast.

Nytt for året er at kvart lag må bestå av fire personar.

Startavgifta er 3500 kr per lag, og inkluderer frukost og billett til afterski for alle deltakarane på Hangurstoppen Restaurant. Påmeldingsavgifta betalar du ved registrering. Me har også eigen afterskibillett til 250 kr, inkludert gondol.

Program for dagen

  • 06:45 – Oppkøyring med Bavallsekspressen 
  • 07:00 – Oppmøte Hangurstoppen
  • 07:30 – Løparmøte
  • 08:00 – Start Bavallen Grand Prix
  • 09:30 – Frokost på Hangurstoppen etter rennet.
  • 15:30 – Afterski med premieutdeling og Skibarbula-band

Påmelding og trekning

Påmelding Bavallen Grand Prix

Påmeldinga held fram til den er fullteikna (maks 60 lag). 20 år aldersgrensa etter premieutdelinga.

Som i fjor trekkjer me dei 10 fyrste startnummera til Bavallen Grand Prix under Frisky Preski 10. januar. Minst éin frå laget må vera til stades under Frisky Preski 10. januar for å vera med i trekninga. I tillegg må ein ha meldt på laget innan kl. 15:00 same dag.

Me gler oss til å sjå deg i bakken!

Andre arrangementer

13. des - 11. apr, 15:30 - 20:00

Afterski

Afterski på Hangurstoppen Restaurant og i Bavallstunet
19. des - 10. apr, 16:00 - 21:00

Hangur Fridays

Ta gondolen rett inn i fredagsmodus
Laurdag 10. januar 2026

Frisky Preski

Garantert god stemning - bli med du også!