Klar for vinteren på Voss? Spar 20 % på skikort og overnatting!
Snart er det klart for ny skisesong på Voss Resort. Med gondol direkte frå Voss sentrum, moderne heisar og variert terreng for både nybyrjarar og erfarne, ligg alt til rette for ei sytalaus skioppleving.
Dette får du med ein vinterpakke hjå Voss Resort
Gjer deg klar for ein komplett skioppleving! Når du bestiller pakke med overnatting og skikort, ventar dette på deg:
- 20% rabatt på overnatting og skikort
- 40 km preparerte løyper som gjev deg aktivitet heile dagen
- 10 skiheisar som gjev meir tid på ski og mindre tid i kø
- Gondol som opnar klokka 09:00 og er inkludert i alle skikort
- 24 nedfartar
- Off piste terreng for deg som vil utforske utanfor allfarveg
- Kveldskøyring med 11 km lysløyper tre kveldar i veka
- Afterski frå roleg stemning til fest kvar helg
Våre skipakker
20 % rabatt på overnatting og skikort
Julepakka
Jula er best på fjellet! Med julepakka får du rabatt på både overnatting og skikort.
Midtveke + helg
Sjekk inn en kvardag og sjekk ut sundag. Perfekt for deg som vil få mest mogleg ut av midtveke og helg!
Superweekend
Med denne pakka får du overnatting fredag – sundag, i tillegg til skikort fredag kveld, laurdag og sundag.
Overnatting i Voss Resort – Tett på fjell og naturen
Voss Resort tilbyr eit utval av hytter og leiligheiter som gjev deg alt frå nærleik til vossafjella til spektakulær utsikt og moderne komfort. Hjå oss får du ein stad å overnatte som passar perfekt for deg og dine behov – enten du vil ha sjarmerande atmosfære tett på naturen eller ski-in/ski-out.
Mat og drikke i Voss Resort
Voss Resort har fire restaurantar og kafear med sesongbaserte menyar og ulike matkonsept. Her kan du nyta god lokal mat med utsikt mot fjella og enkel tilgang til både skiløyper og turstiar.
Grøn og enkel reise til Voss Resort i vinter
Det er enkelt å koma seg til Voss med tog, buss eller bil, både frå Bergen og Oslo. Vel du tog, reiser du miljøvennleg og behageleg. Den nedre stasjonen til gondolen ligg rett ved Voss togstasjon, midt i trafikk-knutepunktet med buss, tog og taxi. Gondolen opnar klokka 09:00 kvar dag, og tek deg direkte til fjells på under ti minutt.
Frå Bergen er du på Hangurstoppen og klar for skikøyring på om lag 1,5 time frå du går om bord på toget.