Carvingkurs
Finslip teknikken og finn dine grenser i bakken.
Ønskjer du å få den gode kjensla under føtene? Kjensla av å sveva ned dei nypreparerte, bratte og breie løypene Voss har å by på? Bli med Alexander Raa Nilsen og Voss Resort Skiskule på carvingkurs. Me har kurs for både damer og herrer. Me skal gje deg gode tips, hjelpa deg med å terpa teknikken og finna meistringskjensla i trygge og vennlege omgjevnader.
Nivå
Kurset passar for deg som har stått ein del på ski, men som vil bli tryggare i carving og få meir kontroll i svingane. Alle desse kursene er svart nivå, noko som betyr at du må vera ein habil skikøyrar som meistrar både raude og svarte løyper, og er vand med skikøyring i terreng og på ulike underlag.
Kursdatoar
- Carvinkurs for menn: Lørdag 21. februar og lørdag 28. februar (10:00-12:30, 150min)
- Carvinkurs for damer: Fredag 20. februar og fredag 27. februar (10:00-12:30, 150min)
- Carvingkurs for vaksne: Søndag 22. februar (10:00-12:30, 150min)
Carvinkurs for menn
Me inviterer til eit uformelt og inspirerande carvingkurs for menn som vil ta skikøyringa eit hakk vidare. Her får du sjansen til å finslipa teknikken, plukka opp gode tips frå erfarne instruktørar og kjenna på den deilige meistringskjensla i bakken. Oppmøte på Hangurstoppen kl. 10:00. Aldersgrense 17 år. Minst 4 påmelde for å gjennomføra. Me legg vekt på personlig rettleiing, mykje godt humør og ei sosial økt der du lærer i ditt eige tempo.
Carvinkurs for damer
Dette er eit kurs for damer som vil utvikla seg vidare på ski og få meir kraft og stabilitet i carvingteknikken. Me fokuserer på flyt, kontroll og teknikk med støtte og tips frå flinke instruktørar. Oppmøte på Hangurstoppen kl. 10:00. Aldersgrense 17 år. Minst 4 påmelde for å gjennomføra. Me sørgjer for god stemning, roleg tempo og ein læringsprosess som tek utgangspunkt i akkurat der du er.
Carvingkurs for vaksne
Dette kurset er for vaksne som ønskjer å vidareutvikla seg i bakken, anten du vil ha betre flyt i svingane eller meir kontroll i farten. Me jobbar med teknikk, tryggleik og dei små justeringane som gjev stor forskjell. Oppmøte på Hangurstoppen kl. 10:00. Aldersgrense 17 år. Minst 4 påmelde for å gjennomføra. Me tilbyr individuell rettleiing og eit sosialt læringsmiljø der du kan utvikla deg i ditt eige tempo.
Vêr- og snøforhold kan påverka kursopplegget
Merk at gjennomføring av carvingkurs avheng av snøforholda. Dersom forholda ikkje er gode nok, vil me i staden setja opp eit frikøyringskurs på same nivå. Voss har noko av det beste terrenget for frikøyring, og på kurset vil me læra deg gode teknikkar for frikøyring og korleis du kan finna den rå kjensla av meistring i fjellsida.