Quiz kveld i Bavallstunet
Me inviterer til ein knakandes kjekk afterski i Bavallstunet.
Kva er vel ikkje betre enn å kose seg ilag med gode venner og god musikk, etter ein lang dag på ski?
Nyt pizza og noko godt i glaset.
Denne fredagen kjem sjølvaste quizmaster Remi André Taule for å underhalde oss. Remi er hytteeigar, legendarisk Brann supportar, og han har eit kjend navn i Bergen by som speaker på Brann stadion. Me gler oss til å få han på besøk! Ta med deg gode venner og test quizkunnskapene dine!
Quiz’en startar klokka 19:00.
Baren er open til kl 21:00. 18 års aldersgrense.
Me vil og ha afterski på torsdag i vinterferiene:
- Torsdag 20.02.25 kl:16:00- 20:00
- Torsdag 27.02.25 kl: 16:00- 20:00
Følg med på “Dette skjer hjå oss” så du ikkje går glipp av alt det kjekke som skjer hjå oss denne sesongen.
Me gler oss til å sjå deg på afterski!