Voss – grenselaust moro
Velkomen til Voss, den råaste aktivitetsbygda i Noreg. Her får du ikkje berre fine dagar – du får dei mest intense. Du er i lufta, i vatnet, på toppen av fjell og midt i opplevinga. Alt på eitt og same reisemål.
6 opplevingar i Voss Resort
du ikkje vil gå glipp av
Alt på ein stad
Voss er perfekt for dykk som vil ha både eventyr og avslapping – alt samla på eitt og same stad. Her kan de prøva alt frå paragliding og vindtunnel til klatrepark, sykling, fjellturar, golf eller eit friskt bad i elva.
Alt ligg nært, så de kan nyta dagane utan å måtte planleggja for mykje. Frukost på kafé, tur i fjellet og middag med utsikt – alt innan gå- eller sykkelavstand.
Vil de utforska meir, er både Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein liten biltur unna. Voss gir dykk det beste av natur, mat og opplevingar – perfekt for ei helg eller ei veke sama

Bygda med dei grenselause opplevingane
Voss passar for dykk som vil ha ein aktiv sommar med både natur og bygdeliv. Her kan de ta gondolen frå sentrum til fjells på ti minutt, velje mellom fjellturar, sykling, rafting, fallskjermhopp og meir.
Etterpå ventar lokale smakar – frå tradisjonsmat og små bryggeri til sesongbaserte rettar med utsikt på Hangurstoppen Restaurant. Alt ligg samla i ei kompakt og tilgjengeleg bygd – med ekte vestlandssjarm og store opplevingar tett på.

Bu midt i smørøyet
I Voss Resort bur du i sjarmerande og moderne sjølvhushald hytteeiningar med separate leilegheiter. Her er det god plass til heile gjengen og samstundes korte avstandar til både sentrum og det som finns av aktivitetar på Voss.

Voss – tett på alt
Voss er berre 1,5 time frå Bergen – midt vestnorske natur, med vosafjella rett utanfor. Hopp på toget, rusle frå perrongen og rett inn i gondolen som tek deg til Hangurstoppen på ti minutt. Her opnar sommaren seg med stisykling, luftige turar, klatrepark, utsikt og iskald brus i solveggen. Enten du kjem med venar for fart og moro, eller berre vil nyte fjellufta – Voss gjer det enkelt å kome seg til, og ganske vanskeleg å reise frå igjen.

Fem populære fjellturar
Hangurstoppen ligg 818 meter over havet og er eit supert startpunkt for fine turar i fjellet. Har de lyst på ei lita utfordring, kan de gå opp frå Voss sentrum – men om de heller vil ta det litt meir chill, så er gondolen det enklaste valet. På berre ni minutt glir de frå sentrum og opp til vid utsikt og frisk fjelluft.
Vel oppe finn de mange fine stiar å utforske – korte, lange, bratte og lette. Og viss de er ute etter gode bilete til feeden, så treng de ikkje leite lenge. Her er det fint i alle retningar.