Voss – for den aktive familien

Lett tilgjengeleg, barnevennleg og morosamt for både små og store. På Voss finn de aktivitetar og natur som passar for heile familien – med gondol til fjells og is på toppen!

Klar, ferdig, ferie!

På Voss treng de ikkje velja – her finn familien både leik og eventyr samla på eitt stad. Prøv klatreparken, ta ein svevetur i vindtunnelen, sykl langs fine stiar, eller ta med dei minste på enkle fjellturar med utsikt. For dei litt større ventar rafting, zipline og mykje meir!

Alt ligg nært og er lett å komma til – perfekt for familiar med born i alle aldrar. Og vil de vidare på tur, er både Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein kort biltur unna. Her får de mykje opplevingar, utan mykje styr.

Fjellferien startar på Voss

Stå opp til sol over Vossafjella, og start dagen med kaffi og utsikt. Frå hytta eller leilegheita i Voss Resort er det kort veg til stiar, sykling, klatrepark og paraglider-svev.

Her bur de tett på naturen, men med all komforten de treng etter ein lang dag ute. Vel mellom moderne hytter og leilegheiter med utsikt, uteplass og god stemning.

Bestill overnatting

Voss – eit eventyr for små og store

På Voss treng du ikkje velja mellom natur og moro – her får familien begge delar! Med alt frå klatrepark, vindtunnel og leikeland til svømmebasseng og kino, er det lett å fylle dagane med latter og opplevingar. Alt ligg samla og lett tilgjengeleg – midt mellom vossafjella.

Når eventyra ute er over for dagen, ventar god mat og rolege kveldar. Kanskje ein pizza med utsikt på Hangurstoppen, eller noko godt frå dei lokale kafeane i sentrum? Voss har noko for alle – uansett vêr og alder.

Utforsk Voss