Webkamera og føremelding Voss Resort

Sjå live-bilder og føremelding av forholda i skianlegget.

Siste vêr og føremelding

Lurer du på om me har fine forhold, eller korleis ståa er i anlegget? Her får du all informasjonen du treng.

Tusen takk for denne skisesongen🤩
19.04.2025 19:20

Tusen takk for denne skisesongen🤩

Det har vore ein spesiell sesong vêrmessig, men me ser også tilbake på mange gode og fine dagar. Ilag med tålmodige og positive gjester og ein fantastisk stab, så har me kome oss heilskinna gjennom sesongen saman 💪 Me har til og med opplevd gjesterekordar som mest besøk på ein dag og ein månad nokon gong.

I år har me vore 222 ansatte gjennom vinteren. Det er eit stort apparat som er i sving, både natt og dag, for å kunne levera eit godt produkt. Me har hatt:
❄️ Ansatte frå 27 ulike nasjonalitetar (og ulike kontinenter)
❄️ Unge og godt vaksne; frå ungdomsskulealder til pensjonistar
Me er heisførarar, trakkarar, reinhaldarar, kokkar, servitørar, vaktmeistere, parkbyggjarar, driftsarbeidarar, resepsjonistar, billettselgjarar, gjesteservice, skiinstruktørar, skipatrulje, gondolførarar, gondolverter, kafémedarbeidarar og administrasjon. Me er #livetbakheiskortet💪

Til våre gjester; tusen takk til alle som har besøkt oss, uansett vêr- og føre. For oppløftande ord og fine tilbakemeldingar. Me set så pris på det og ikkje minst set me pris på dykk! 🙌 Planlegginga for neste sesong er allereie godt i gang, og me gler oss til å ønskja dykk velkomne tilbake på ski om ikkje lenge. Gondol og Hangurstoppen Restaurant er open vår, sommar og haust, så håper me sjåast på fjellet også då.

Webkamera frå Voss Resort

Me har fleire webkamera plassert rundt i anlegget sånn at du får eit godt inblikk i korleis forholda er og kor mykje trafikk det er i anlegget. Kamerane sender direkte 24/7. Du kan óg sjå vår Youtube-kanal, og om du verkeleg vil, så kan du få inn kanalen på Altibox, RiksTV, Telia eller AppleTV.

Hangurstoppen

Lønahorgi

Hangurstoppen

Slettafjell

Storastovo

Slettafjell - mot Bavallen og Lønavatnet

Slettafjell mot Horgaletten

Tråstølen

Alphaparken og øvre Alpha

Tråstølsekspressen