Barn og familie
Eigne barneområder, gratis heiskort og supertilbod for barne- og ungdomsskular. I Voss Resort ligg forholda til rette for at dei minste skal kunne utfalda seg.
Områder tilrettelagt for barna
Badnakrokjen (løype 20) ligg rett ved kaféen på Slettafjellet. Her er det eit eige skitrekk på 190 m for dei små. Badnakrokjen har eit flott terreng for leik og moro saman med andre barn. Det er òg to gapahuker med sitteplassar til 8-10 personar i kvar. Badnakrokjen har eigen aktivitetsleiar og er open i helger, feriar og høgtider, kor det også vert arrangert skirenn klokka 11:00. Det er gratis å delta og alle får premie.
Trollbakken (løype 4) er eit barneområdet på Hangurstoppen, rett foran Hangurstoppen Restaurant. Det er difor kort avstand til både servering og toalettfasilitetar, i tillegg til skiskule og skiutleige som også ligg her. Trollbakken har svak helling og eit 65 meter langt skiband med takoverbygg. Eit perfekt område for å læra seg å stå på ski. Ta gondolen frå sentrum eller Ekspressheisen frå Bavallen for å koma deg til Trollbakken.
Grebbesbakken (løype 12) ligg i Bavallen og er gratis. Her kan barna få både ein tidleg og trygg start på ski. Det 50 meter lange skibandet har ei svak helling, og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt idéelt for dei minste å trena seg til å bli flinke på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert også brukt av vaksne nybyrjarar som vil ha ein forsiktig start.
Sjå vårt løypekart (PDF 0,1MB)
Me minner om at barn må vera over 10 år og 140 cm for å ta stolheis aleine. Sjå gjerne meir om våre sikkerheitsreglar

Gratis skikort til barn 0-6 år
I Voss Resort får alle barn frå 0-6 år skir gratis i skianlegget, samt leige hjelm gratis. Hugs å ta med keycard.
4. klassekort
Me har også 4. klassekortet som er eit tilbod til alle 4. klassingar i Vestland fylke.