
Hanguren Hangout
Ta gondolen rett til fredagsmoduset
Hanguren Hangout
Fredagar gjennom vintersesongen samlast me på toppen av Hangur til ein triveleg fredagskveld. Her er stemninga god og alle er velkomne, enten du vil nyte musikk i bakgrunnen, smake på lokale godsaker eller berre slappe av i rolege fjellomgjevnader. Det blir også enkle aktivitetar som musikkbingo og nokre små overraskingar. Ei sosial og avslappa start på helga, perfekt for deg som set pris på flott utsikt, god stemning og ekte folk.
Billettar
Om du ikkje har skikort (gondolbillett inkludert), så kan du kjøpa gondolbillett til kr 100,- tur/retur. Du kan også kjøpa billett som inneheld både gondolbillett t/r og vår smaksrike rett “Fjellplanken”, for berre kr 299,-.
Enkelte fredagar kan Hanguren Hangout verta erstatta med andre arrangement.