Overnatting

#paovoss

Hytter i Voss Resort

Hyttene er av høg kvalitet og godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter.

Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 8 personar.Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt.

Når du bestiller på nett: Ikkje legg inn barn, legg inn totalt antal personar som vaksne. Prisen er pr. hytte.


Voss Resort Bavallstunet tilbyr fire ulike hyttetypar:

GRUPPE AREAL M2 SENGEPLASSAR* MERKNAD
1 55 4 (5)

2 soverom

2 60 4 (6) 2 soverom, sauna
3 60 + hems 6 (8) 2 soverom, hems, sauna
4 80 – 85 6 (8) 3 soverom, sauna

Sengeinndelinga varierer frå hytte til hytte.

Gruppe 1:
Hyttene er på ca. 55 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad, stove, kjøkken og vedomn. Hytteeiningane i overetasjen har utgang til eigen altan, underetasjen har utgang til plen eller terrasse.


Gruppe 2:
Hyttene er på ca. 60 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad med sauna, kjøkken og stove. Alle hyttene i denne gruppa er plassert i underetasje med utgang til eigen plen eller terrasse. Det er ikkje vedomn i denne hyttegruppa.

Gruppe 3:
Hyttene er på ca. 70 m² fordelt på i hovudsak eitt plan, og har to soverom, hems, bad med sauna, kjøkken og stove. 

Gruppe 4:
Hyttene er på ca. 80 m². Omlag halvparten av hyttene i denne kategorien er fordelt på to plan, resten går over eitt plan. Hyttene har tre soverom, bad med sauna, kjøkken og stove, og nokre har to toalett. Einingar som går over eitt plan har utgang til både altan og terrasse, eller plen.

Prisar

Prisane gjeld frå des 2016 til ut april 2017. 
Eigne prisar gjeld for vinterferie veke 7, 8 og 9.
Desse prisane får du på førespurnad. 

Ta kontakt på tlf. 4700 4700, eller send e-post.

GRUPPE DØGER WEEKEND1) MIDTVEKE2) 1 VEKE3) UTVASK*
1 (4-5 pers.) 1500,- 3465,- 5965,- 8115,- 650,-
2 (4-6 pers.) 1600,- 3750,- 6565,- 8955,- 750,-
3 (6-8 pers.) 1945,- 5130,- 7395,- 11 105,- 850,-
4 (6-9 pers.) 2340,- 5790,- 8990,- 12 875,- 1150,-

¹) Weekend = fredag - sundag.
²) Midtveke = sundag - fredag.
³) Valfri ankomst, ikkje laurdag.

* Prisen på utvask kjem i tillegg til prisen på overnatting.
Leige av sengetøy kr 150,- per person.

Les våre bestillingsvilkår for overnatting her.

Book hytter her

Book her

Undermeny