Bestill overnatting

Hytter i Voss Resort

Bu i moderne sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra!

Kvar hytte i Voss Resort er satt saman av to einingar og er anten vertikal- eller horisontaldelt. Storleiken varierer frå små, koselege leiligheiter med to soverom til større med hems og plass til inntil 8 personar. Vennligst merk at alle er individuelt innreia og møblert.

Leiligheitene i hyttene i Voss Resort er av høg kvalitet og er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter. 


Hytteområda

Hyttene i Voss Resort er delt inn i ulike hytteområder og du får hytter i ulike størrelser i alle områda. 
 

Bavallstunet:

Bavallstunet er det første hytteområdet som vart utbygd i Voss Resort. Dette hyttefeltet ligg like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon).

Her bur du i sjarmerande hytter med flott utsikt!


Tråstølen:

Tråstølen er det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttefeltet ligg ca. 2-3 km frå servicesenteret Bavallstunet (resepsjon), oppover i anlegget.

Her bur du i moderne hytter, med fjellet like utanfor døra.


Bavallslia:

Koselig hyttefelt som ligg ca. 500m frå servicesenteret Bavallstunet (resepsjon). 


Kontakt og booking

Tlf: +47 4700 4700
E-post: post@vossresort.no
Bestillingsvilkår

Book hytter her

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato.