Reise til Voss Resort

Midt i hjarta av Fjord Noreg, tett på Voss sentrum og kun 99 km frå Bergen finn du Voss Resort. 

Skianlegget vårt har to velkomstsenter: eit ved gondolbana i Voss sentrum og eit i Bavallen (ca. 5 km frå Voss sentrum). Hyttene våre finn du i Bavallen.

Det er enkelt å reisa til Voss med bil, buss og tog, både frå Bergen og Oslo – to av dei største byane i Noreg der du og finn eit godt innenlands- og utenlands flytilbod. Bergen lufthavn, Flesland, er den nærmaste flyplassen og ligg berre 1,5 timar frå Voss Resort. 

Skal du til Voss Resort for å stå på ski eller nyta fjellet, kan du reisa grønt og enkelt med gondolbana vår. Den nedre stasjonen til gondolbanen er i trafikk-knutepunktet med buss, tog og taxi på Voss Jernbanestasjon, noko som gjer det svært lett for tilreisande å koma seg til fjells på miljøvennlig vis. Dersom du kjem frå Bergen stasjon, vil det ta deg 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen, til du er på Hanguren klar til spennande opplevingar både sommar og vinter.


Med bil

Bergen – Voss: 100 km. Ca. 1,5 timers køyring. 
Oslo – Voss: 400 km. Ca. 6 timers køyring.


Parkering

Skal du på ski i Bavallen så finn du gratis parkeringsplassar her. Leiger du hytte hjå oss er det parkeringsplassar tilknytt hytta. 

Skal du ta gondolbana og kjem med bil kan du nytta ein av dei 1300 parkeringsplassane i Voss sentrum. Her finn du både kort- og langtidsparkering, innandørs og utandørs. 

For meir informasjon om parkering på Voss, sjå Voss Parkering sine nettsider. 

 

Med tog

Voss har fleire daglege avganger og ankomster til og frå Bergen og Oslo. 
Voss Gondol er lokalisert rett ved siden av Voss Jernbanestasjon. 
Prisar, rutetabellar og bestilling av billettar på www.vy.no

Tid til/frå: 
Bergen: Ca. 1 time og 15 minutt.
Oslo: Ca. 6 timar
Flåm: Ca 1 time og 45 minutt

Kjem du med tog og skal på ski, så kan du gå rett i gondolen når du kjem til Voss Stasjon. Alle våre skikort (med unntak av toppturkort og enkelttur-skikort) inkluderer gondolbillett. Gondolbanen frakter deg til Hangurstoppen (der Ekspressheisen kjem opp) på mindre enn 9 minutt. Du kan med andre ord reisa grønt og enkelt heilt frå bykjerna i Bergen eller Oslo, heile vegen opp til Hangurstoppen! 

 

Med buss

Det er fleire regionale- og ekspressbussar som køyrer til Voss. 
Sjå gjerne Norway Bussekspress for ekspressbussar og Vy og Skyss for lokal/regionale bussar. 

 

Taxi

Taxi på Voss kan bestillast ved å ringe +47 56 51 13 40

 

Kart

Sjå kart her.

Undermeny