Weather & conditions

19.04.2019 07:59

Langfredag:)

Fredag morgon er det 5 gradar, svak vind og lettskya ver. Det er fine forhold fyrst på dagen, litt lausare nederst utover dagen. Alle heisar er ope med unntak av Vetlebakken og Hanguren. Storastova og Varmestova er open for servering. Parken er klar med 3 hopp og 11 rails. Langrennsløypa er nytrakka. Oppdatert info om den finn du her: https://loyper.net/#voss/13,6.37722,60.64298 På programmet i dag står: 🐥Påskeeggjakt! Peppes Pizza har gøymd påskeegg rundt i anlegget, finnaren er vinnaren ;) 🐥Grebbe minirebus i Badnakrokjen. 🐥Barneskirenn i Badnakrokjen kl 13.00. Premie og pizza frå Peppes Pizza til alle. Gratis. 🐥DJ på Storastovo frå kl 12 🐥Afterski med DJ i SkiBarBula på Bavallstunet frå kl 15 Meir info om påskeprorammet vårt finn du her: https://vossresort.no/no/aktivitetar//10196/paaskeprogram-1/ Skibussen går frå stasjonen kl 09.10, 10.00, 11.20. Retur kl 14, 15 og 16. Velkomen til nok ein nydelig dag i Noregs beste skiterreng, hugs solkrem! 😎☀️

Read more

Timelapse

Bygginga av nedre stasjon gondolbane

+47 4700 4700