Til fjells på langrenn- og randonéski

På Voss og i Voss Resort finn ein mange mogelegheiter for langrennsturar, samt randonéturar.

Langrenn:

Ynskjer du ei fin turoppleving med barna, eller berre ei treningsøkt? Voss Resort har langrennsløyper som passar for deg. Her finn du 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng. Ynskjer du ei ekstra utfordring er det mogleg å gå heilt frå Raugstad eller parkeringa i Bavallen. Då får du sveitta skikkeleg.

Voss Gondol og Ekspressheisen i Bavallen tek deg opp til starten av løypenettet. Me har eit eige langrenn-sesongkort for deg som kun skal på langrenn og nytta gondolbana. 

Du finn prisar for heiskort her

 

Via kartet under (frå loyper.net) kan du halda deg løpande oppdatert om når løypene sist vart preparert, og elles få nærare informasjon om løypene.

 

Voss ski- og tursenter

Ynskjer du litt variasjon kan me anbefale ein tur til Voss ski- og tursenter i Herresåsen. Her finn du over 25 kilometer med fine langrennsløyper for heile familien. Det er omlag 15 minutt køyring frå Bavallen til parkeringsplassen i Herresåsen.


Flott utsikt frå langrennsporet på Hanguren. Foto: Per Finne

 

 

Randoné:

Mange ynskjer å bruke skianlegget vårt til randoné. Skiløypene våre er forbeholdt alpin- og snowboardkøyrarar og det kan vera stor trafikk nedover, spesielt i helg. Sjølv om dei som er på veg ned er ansvarlege, så kan det vera vanskelig å sjå deg som er på veg opp. Dersom du vil bruka anlegget til å gå randoné, ber me om at du forheld deg til våre oppmodningar knytt til ferdsel i anlegget. 


Randotrasè:

I samarbeid med VossaRando er det difor merka ein eigen randotrase frå Bavallen, via Tråstølen og til Hangurstoppen. Me oppfordrer på det aller sterkaste om å nytta denne; Parker bilen ved ferista, til høgre rett etter avkjørselen opp mot Tråstølen. Herfrå går du over vegen og inn i Alphaløypa. Hald høgre side (godt ut i sida) av Alphaløypa opp og kryss Familieløypa (forsiktig!). Løypa er deretter merka med bambusstikker med refleks til toppen. Løypa går utanfor nedfarten og er på ca. 5 km.

På sikt vil det og koma ein eigen trase frå Bavallen til Lønahorgi. 

 

 

Opphald i anlegget etter stengetid:

Me oppmodar sterkt om å ikkje opphalda seg i skianlegget etter stengetid. Ferdsel i anlegget utanom opningstid er forbundet med fare og er på eige ansvar. Etter stengetid har me mellom anna scootere og trakkemaskiner i drift og området vert sett på som eit anleggsområde. Nokre av maskinene bruker vinsj, som kan vera vanskelige å få auge på. Ta gjerne ein titt på denne videoen som viser ei vinsjemaskin i arbeid. 

Opningstidene våre finn du her.


Vil du komma deg kjapt til toppen? Då kan du kjøpe toppturkort hjå oss. 

Undermeny

Kjøp heiskort her