Voss Gondol – opnar juli 2019

Den nye gondolbanen er den største og mest moderne gondolbana i Nord-Europa. Bana startar på Voss Stasjon (56 moh) og ender på Hangurstoppen (820 moh). 9 kabiner, med plass til 34 personar i kvar, vil frakte opp til 1069 personar i timen.

Styret i Voss Resort AS og Voss Gondol AS beslutta den 11 januar 2018 å iverksette bygging av ny gondolbane på Voss.
Gondolbanen skal erstatte den ærverdige gamle Hangursbanen (Dinglo og Danglo) som vart lagt ned i 2015.

Du kan og halda deg oppdatert på nyheter og prosessen med den nye gondolen her.

Sjå og Voss Gondol si eige nettside


Den største og mest moderne gondolbanen i Nord-Europa

Den nye gondolbanen er ein såkalt 3S bane, noko som betyr at den går på tre vaierar, to bæretau og eit trekktau. Det gjer den svært stabil, samanlikna med gondolar som vanlegvis heng på ein kabel. Banen har eit fritt spenn på 900 meter frå nedre stasjon til første masta. Det er berre to typar heis som kan ha så lange spenn, og det er ein gondolbane med mange kabiner på same bæretau, som den nye gondolbanen på Voss, eller ein svevebane, som er ein gondol som går opp samstundes som den andre går ned, som for eksempel Ulriksbanen.

 

Ein del av trafikknutepunktet

Den nye banen sin nedre stasjon vert i det nye knutepunktet på Voss Jernbanestasjon (Voss Stasjon).
Øvre stasjon vert på Hangurstoppen (820 moh) like ved der som Expressheisen kjem opp frå Bavallen. Byggestart på nedre stasjon var januar 2018 og ferdigstilling med åpning av banen er juli 2019.

Den unike plasseringa ved trafikknutepunktet gjer det enkelt for tilreisande å koma seg til fjells. Dersom du kjem frå Bergen stasjon, vil det ta deg 1,5 time frå du går om bord på toget i Bergen. 

 

Aktivitetar og Voss sin største restaurant

På toppstasjonen, Hangurstoppen (820 moh) vert det område for rekreasjon og aktivitetar. Sommarstid vert det fokus på vandring, sykling og paragliding. Om vinteren er det skianlegget som er i fokus, og dette får ein tilgang til rett frå toppstasjonen. Her vil det og vera skiskule og skiutleige. 

I tillegg vil ein og finna en heilt ny restaurant på Hangurstoppen. Med sitteplassar til 450 personar, vert dette Voss sin største restaurant. 
Her kan ein nyta både kalde og varme rettar og drikkevarer, basert på lokale ingredienser og lokale leverandørar. Restauranten har og møte- og konferansefasilitetar til omlag 50 personar.

 

Open heile året!

Både gondolbana og restauranten vil vera open heile året. I tillegg vert det aktivitetar og arrangement rundt toppstasjonen gjennom alle sesongar.

 

Finansiering

Total kostnadsramme for prosjektet er ca kr 300 millioner. Prosjektet er finansiert med eigenkapital, lån og ulike offentlege støtteordningar. Innskutt egenkapital i prosjektet er 80 millioner. Voss Resort AS er største aksjonær i Voss Gondol AS med 75 % eigarandel. Grønahorgi AS eig 25 % av aksjene i selskapet. Innovasjon Norge er inne med kr 10 millioner i støtte og 60 millioner i lån. Hordaland Fylkeskommune har gitt kr 3,5 millioner i støtte. Voss Kommune har gjennom sitt konsesjonskraftfond  gitt kr 5 millioner i støtte og kr 15 millioner i lån. Det er gitt kr 5 millioner i statleg støtte iform av skattefunnordninga.

Fylgjande banker er med i lånefinansieringa:

  • Sparebanken Vest
  • Vekselbanken
  • Voss Sparebank

Leitner Ropeways i Italia skal levera sjølve gondolbanen med alle tekniske installasjoner frå nedre til øvre stasjon.

Backe Bergen AS er totalentreprenør på øvrige leveranser i prosjektet. Les meir om dei som byggjer gondolen her.

 

Stort lokalt engasjement

«Det er med stor glede me no kan meddele at den nye Gondolbanen på Voss vert ein realitet. Dette er ein prosess som no har pågått i 10 år frå ideen vart lagt fram i 2008 seier Administrerande direktør i Voss Resort AS Øyvind Wæhle.

Banen vil få stor betyding for vidare utvikling av Voss Resort, men ikkje minst for den øvrige reiseliv og næringsutvikling på Voss og i regionen generelt seier Wæhle»

«Det har vore eit stort lokalt engasjement rundt prosjektet, herunder vil eg trekke fram samarbeidet med Voss kommune, Næringshagen Voss AS, og ikkje minst dei to lokale bankane Vekselbanken og Voss Sparebank, regionalbanken Sparebanken Vest og lokal investor Øyvind Lauritzen i Grønahorgi AS avsluttar Wæhle.»

Les meir om kvifor bankane engasjerer seg i den nye gondolen.

 

Fakta om den nye banen

Type gondol:  Leitner Ropeways 3S
Nedre stasjon: 56 moh
Øvre stasjon:  820 moh
Lengd: 2000 meter
Kapasitet: 1069 pers/time (maks 1544)
Antal kabiner:  9 (maks 13)
Kapasitet pr. kabin: 34 pers.
Køyretid: 6,48 minutt
Restaurantkapasitet: 450 personar

 

Prisar

Det vert tilrettelagt for ulike typar bruk av Voss Gondol. 
Sjå meir om billettypar og prisar her.  

 

Time-lapse frå bygginga av nedre stasjon gondol:

Animasjon av kabinen: 

 

Video av tilsvarande bane:  

 

Nytt hotell

Like ved gondolbygget og trafikknutepunktet vert det og bygd eit nytt, stort konferansehotell. Det vert Scandic som skal drifta det nye hotellet, som har planlagt opning i januar 2020. Hotellet vil doble kapasiteten på Voss, ha heile 216 rom og møtefasiliteter for 350 personar.

Animasjon av den nye hotellet: 

Siste nytt frå Voss Resort

  • Visuell Identitet - Voss Gondol og Voss Resort

    Voss Resort går frå å vera ein vinterdestinasjon til ein heilårsdestinasjon når Voss Gondol opnar. Sjå den nye visuelle identiteten til Voss Resort og Voss Gondol!

    Les meir her

  • Omvisning Voss Gondol

    11. april var Destinasjon Voss på omvisning på topp-og botnstasjon for Voss Gondol. Sjå korleis det såg ut då, tre månader før opning! 

    Les meir her

  • Nytt samlingspunkt på Voss

    Med eit fjell av aktivitetsmoglegheitar og Voss sin største restaurant, vonar med Hangurstoppen vert eit nytt samlingspunkt på Voss. 

    Les meir her

Undermeny

Kontakt oss om gondolbanen:

Øyvind Wæhle
oyvind@vossresort.no
tlf: 900 55 524