Leige av skiskap

Langtids- og korttidsleige på Hangurstoppen (toppstasjon).

 

Korttidsleige: 

Me har små verdiskap, samt singelskap (plass til 2 par ski) til korttidsutleige. Kom innom skiskulen/skiutleiga på Hangurstoppen for betaling og administrering.

NB! Du må ha keycard for å booke skiskap (dette må du ha kjøpt på førehand), då ein opnar og låser skapet med keycardet. 

  Prisar, korttidsleige 1 dag 2 dagar 3 dagar 1 veke
(7 dagar)
Verdiskap 50,- 75,- 100,- 175,-
Singelskap (plass til 2 par ski) 100,- 150,- 200,- 350,-


Langtidsleige: 

Vil du sleppe å dra skiutstyret fram og tilbake? Leig eit skiskap på Hangurstoppen!  

Alle skap har varme. Ved langtidsleige er smøring av ski ved sesongslutt inkludert i leiga. 
Langtidsleige gjeld frå 1. november 2019 til 1. november 2020. 

Begrensa antal – fyrste mann til mølla! For bestilling av skap på langtidsleige, send epost til brede@vossresort.no

  Prisar, langtidsleige
Singelskap (plass til 2 par ski og sko). Totalt 50 skap.  2490,-
Familieskap (plass til 4 par ski og sko) Totalt 40 skap. 3490,-

UTSOLGT! Alle familieskap og singelskap er no utsolgt for langtidssleige for 19/20-sesongen.

 

Undermeny

Kjøp heiskort her