Servering & Afterski

#vossresort

Mat og drikke i Voss Resort

Hjå oss finn du heile fire kafèar/restauranter med variert serveringstilbod rundt i skianlegget. I tillegg har me afterski kvar fredag og laurdag i SkiBarBula.

Medbrakt mat og drikke

Skianlegget sine serveringsplasser er forbeholdt våre gjester som kjøper mat og drikke. 
Medbrakt mat og drikke kan ein nyte her:

  • Grindbygget på Slettafjellet
  • 2 gapahuker i Badnakrokjen
  • Hangursrestauranten – i foajeen  
  • Varmestova i Bavallen 
  • Åsneshytta 

Varmestova i Bavallen 

Ta deg ein tur innom Varmestova og nyt ein nymalt kaffi eller kakao. Til den kan det smaka godt med ein rykande fersk bolle eller nysmurte sandwicher. Me har og suppe som varmer godt på ein dag i bakken.
 

Storestova – Slettafjellet 

Storestova finn i hjartet av anlegget. Her serverer me hamburgere, gryter, supper og påsmurte sandwicher, noko for einkvar smak. Når sola tittar fram opnar me grillen på terrassen. Alkoholservering.
 

Hangursrestauranten

Ynskjer du eit måltid med fantastisk utsikt på kjøpet? På Hangursrestauranten får du servert både påsmurt og ein varmande suppebuffèt.  Alkoholservering.


Bavallstunet

Bavallstunet er open året rundt. Her serverer me Voss sin beste pizza, Bavallstunet kan og leigast for selskap av alle slag
 

Afterski

Afterski høyrer med til ein dag i bakken. Me har afterski kvar fredag (Storastovo på Slettafjellet) og laurdag (SkiBarBula på Bavallstunet) frå kl. 15.  Ski in, dance out! Utvida opningstider i høgtider.
SkiBarBula på Bavallstunet har alle rettigheter og her er det DJ kvar laurdag (20 års aldersgrense i SkiBarBula). 

Undermeny

Kjøp heiskort her