Reis grønt

Ta tog og gondol for å koma deg til fjells!

No treng du ikkje lenger å tenkja på transport når du vil på ski. Når skianlegget er ope tek du gondolen til topps, uansett kva dag det er. Gondolen har 9 kabiner med rom til 34 personar i kvar kabin, og går kontinuerleg. Her er det med andre ord god plass og kapasitet!

Alle våre skikort (med unntak av toppturkort og enkelttur-skikort) inkluderer gondolbillett. 

Gondolbanen starter på Voss stasjon (56 moh) og frakter deg til Hangurstoppen (der Ekspressheisen kjem opp) på mindre enn 9 minutt. Du kan med andre ord reisa grønt og enkelt heilt frå bykjerna i Bergen eller Oslo, heile vegen opp til Hangurstoppen! 

 

Skibilletten 2018/2019

Ta skitoget til Voss - enkelt og rimeleg!

Ta med deg skia, gå på toget i Bergen, hopp på bussen på Voss, og vips er du i bakkane hjå Noregs beste skiterreng! Skibilletten inkluderer:

  • tog tur/retur Bergen/Voss (gjeld lokaltog)
  • buss tur/retur Voss jernbanestasjon/skianlegget
  • dagskort i skianlegget
Skibillett Voss Resort ungdom1) Frå 310,-1)
Skibillett Voss Resort vaksen Frå 710,-
Skibillett Voss Resort born 440,-
Skibillett Voss Resort student2) 590,-2)

¹) Prisen har som føresetnad at ein har UngdomSkyss

2) Gjeld kun ved framsyning av gyldig studiebevis.


Skibilletten for student, vaksen og born kan du bestilla på www.fjordtours.no.
Skibilletten for ungdom kan bestillast her.

Undermeny

Kjøp heiskort her