Bestillingsvilkår

Overnatting

Bestillingsvilkår overnatting, AVTALE NR   xxxx

Desse generelle vilkåra gjeld mellom Voss Resort Bavallstunet, den som sjølv eller gjennom andre inngår avtale med Voss Resort Bavallstunet ut ifrå gjeldande bekrefting (gjesten). Avtalen kan gjelde eining, kjøp av andre produkt og tenester eller ein kombinasjon av desse (arrangement)                                                                                

Generelle vilkår
Om ikkje anna er avtala kan hytta disponerast frå kl 1600 ankomst dagen (nøkkel får De i resepsjonen) og utsjekk seinast kl 12.00 avreise dagen. Me tar atterhald om at eigar av hytta/ hyttene kan ha eigenbruk denne perioden. I så fall vil me sjølvsagt  finne alternative hytter til deg i Voss Resort Bavallstunet.

Betaling
For bestillingar som er gjort 30 dagar eller meir før ankomst, skal ein delbetaling på 25% av losjiprisen pluss eventuelt ekstra være Voss Resort Bavallstunet i hende innan 10 dagar frå bestillingsdatoen. Restbeløpet av avtalt pris skal være mottatt seinast 30 dagar før ankomst.
For bestilling som er gjort 29-0 dagar før ankomst, skal betaling av avtalt pris pluss eventuelt ekstra være i hende bestillingsdag.

Voss Resort sender ikkje ut betalingspåminning på ubetalt delbetaling. Bestillinga annullerast dersom delbetalinga ikkje er i hende innan 10 dagar frå bestillingsdatoen. Dersom gjesten har betalt delbetalinga, vert det sendt 1 påminning om sluttbetaling. Bestillinga annullerast dersom sluttbetalinga ikkje er i hende ved datoen som står på påminninga. Dersom gjesten ikkje betaler i tide, reknast dette som ein avbestilling og da gjelder avbestillingsreglane.

Gebyr ved betaling
Ved betaling frå utlandet skal gjesten betale omkostningane i heimlandet og i Noreg. Eventuelle gebyr som kjem i tillegg ved betaling betalast av gjesten. Gebyrfri betaling med Visa eller Mastercard. Fakturagebyr på NOK 70.
Avbestilling eller endring
Gjesten kan avbestilla skriftleg til Voss Resort Bavallstunet. Voss Resort Bavallstunet aksepterer berre avbestilling eller endring som gjerast av gjesten. Ved endringar har Voss Resort Bavallstunet rett til å belaste eit ekspedisjonsgebyr på NOK 195.
Ved avbestilling 30 dagar eller meir før ankomst, beheld Voss Resort Bavallstunet delbetalinga.
Ved avbestilling 29-0 dagar før ankomst beheld Voss Resort Bavallstunet heile betalinga.

Kva forpliktingar har gjesten?
For å kunne bestille/ inngå avtale med Voss Resort Bavallstunet om ei bueining må gjesten ha fylt 23 år. Minst to personar (inkludert gjesten) må ha fylt 23 år for å bu i eininga. Legitimering skjer ved framkomst. Viss aldersgrensa ikkje er oppfylt når bueininga skal overtakast, gjeld reglane for avbestilling.
Gjesten pliktar å følgje ordensreglar, tilvisningar og føresegner som gjeld reise, bueining og anna. Mellom klokken 23.00 og 07.00 pliktar gjesten å ta omsyn og halde eit lågt støynivå av omsyn til andre gjester.
Gjesten står fullt ansvarlig for alle eventuelle skadar som måtte oppstå i bueininga, og eininga sitt inventar som fylgje av at gjesten eller andre som har fått tilgang til bueininga, er aktlause. Brot av føresegner om røyke – og husdyrforbod medfører ein reinhaldsavgift frå NOK 6000.

Gjesten pliktar å reingjere ut ifrå reinhaldsinstruksane før avreise. Dersom det ikkje vert gjort debiterer Voss Resort Bavallstunet ei avgift på NOK 1500 eller meir, dette avheng av storleik på bueining. Gjesten kan bestille sluttreingjering ved bestilling. Bestilt eller obligatorisk reingjering omfattar ikkje grovreingjering inne og ute, oppvask eller tømming av søppel og tomflasker.

Samtlige nøklar til bueininga skal innleverast ved avreise. Visst det ikkje skjer, debiterast ein avgift frå NOK 3.000 for bytte av låser.Parkering av bil i området skjer på tilviste plassar og på eige ansvar.

Me ynskjer hjarteleg velkomen og vonar de får eit fint opphald her på Voss!

Undermeny