Nyheiter

Sesongen 2017/2018

Nyheiter i Voss Resort

Vintersesongen 2017/2018

  • Investerer 30 millioner i snøanlegg – den største investeringa på Vestlandet nokon gong

Denne investeringa vert gjort for å sikre gode skiforhold ved sesongstart. 
På eit større areal vest for Hangurstoppen vert det bygd eit høgdebasseng på ca. 70 000 kubikkmeter. Høgdebassenget vil bidra til å sikre snø i store delar av skianlegget etter ca. 6-7 dagars snøproduksjon. Kapasiteten vil auke frå 4000 liter til ca. 10 000 liter vatn per minutt.

Med det nye snøanlegget er sesongopning i desember realistisk. Med det nye snøanlegget vil me kunne snølegge den populære Familieløypa på vel 4 kilometer, nedre del av Slettafjellet, Storslalåmløypa og Alfaløypa på ca ei veke!

 

  • Stor satsing på kveldsproduktet – investerer 5 millionar i lysanlegg

Totalt vert det no heile 8 km med lysløyper i Voss Resort! Me gler oss over at me no kan tilby lys i heile Familieløypa og i Badnakrokjen; 2 av våre mest populære nedfarter. 

Kveldsproduktet vert auka til 3 gonger i veka; tirsdag, torsdag og fredag. Torsdagar og fredagar vil anlegget vera ope frå henholdsvis 09:30 – 20:30 og 09:30 – 21:00. I tillegg vil Storastovo vera open under kveldskøyringa torsdagar og fredagar. Det vert afterski på Storastovo fredagar. 

Lyset me nyttar er såkalla metallhalogen. Kvart lyspunkt trekker 150 W noko som er svært energiøkonomisk. Forbruket på ein kveld blir rundt 60 KW for 120 lyspunkt. Dette er mindre enn straumforbruket i eitt hus på eit døgn (snitt på 68 KW i følgje SSB).

 

 

  • Øker aldersgrensa på ungdomskort

Komande sesong øker me aldersgrensa på heiskort til ungdom frå 15 til 17 år. 

 

  • Grebbe og vennene skiklubb

Grebbe, trollet vårt som bur på fjellet heile året, får i år sin heilt eigen skiklubb! Skiklubben gjev medlemmar gode tilbod på skiinstruksjon og aktivitetar.

Undermeny

Kjøp heiskort her