Spel Vossacurling i Bavallen!

Ein sosial aktivitet som føregår i nederste delen av den nye hoppbakken i Bavallen. Perfekt for grupper som vil gjera noko som er litt fysisk, spennande og morosamt. Gruppa vert delt inn i lag, og kvart lag har sin opplåste bilring som fungerar som stein i curling samanheng. Målet er å oppnå høgast poengsum ved å skli bilringen inn i sentrum av boet. Det vert køyrt fleire omgangar, og laget som til slutt vinn konkurransen er det laget som samanlagt har oppnådd høgast poengsum.
Etter aktiviteten samlast gruppa i SkiBarBula for ei kort oppsumering av resultat og premiering av det beste laget. Premieutdelinga kan gjerne kombinerast med noko godt å eta eller drikka.
 

 

  • Tid:  ca 2 t
    pris: kr. 370 pr. pers
    Kapasitet:  10 - 30 pers 

  • For bestilling eller meir informasjon:

    tlf: 959 82 065
    gunvor@vossresort.no

Undermeny