Bli ein betre lagspelar!

Bli med på samarbeid gjennom lagbygging og kreativ oppgåveløysing. Aktiviteten byrjar med litt informasjon og lett oppvarming. Deretter vert gruppa delt inn i lag på  7-9 deltakarar, som saman skal løysa 5 ulike praktisk / teoretiske oppgåver. Det tar ca 20  - 25 min å løysa kvar oppgåve, og oppgåvene består av ein planleggings del og ein praktisk del. Stikkord: kommunikasjon, samarbeid og praktisk engasjement. På kvar post er det ein instruktør frå Vossamoro som rettleiar, observerar og noterar resultata.

Etter aktivitetane samlast gruppa på SkiBarBula for ei kort evaluering, sluttresult og premiering av det beste laget.
På bestilling serverar SkiBarBula varmrettar og forfriskingar
under premieutdelinga.

Lagbygging med faglig oppfølgjing

I samarbeid med EKY kompetanse tilbyr me faglege refleksjonar rundt aktiviteten lagbygging. Erfaringar gjorde under lagbygginga vert knytt til praksis på arbeidsplassen som kommunikasjon, arbeidsmiljø og teamutvikling. EKY utfordrar, aktiviserar og oppsummerar på ein praktisk og lett forståeleg måte.

 
 

  • Fagleg oppfølgjing:
    Tid:   1,5 t
    Pris:  kr. 250 pr. pers (minimum kr. 5000)
    Tid og innhald kan utvidast. 

  • Lagbygging:
    Tid:   2 t
    Pris:  kr 390 pr. pers
    Kapasitet: 6 - 600 pers

  • For bestilling eller meir informasjon:

    tlf: 959 82 065
    gunvor@vossresort.no

Undermeny