Tilbod & pakker

Tilbud til ungdomsskular i Hordaland

Frå veke 1-5 i 2020 får ungdomsskular skidag (inkl. skiinstruksjon, leige og heiskort) til kr. 170,- per elev. Første mann til mølla!

Det er få ting som gler eit barnesinn meir enn snø å leika seg i, gjerne med ski på beina.

Voss Resort ynskjer å motivera barn og unge til fysisk aktivitet. Før var det ein naturleg ting å ha ski heime og læra seg basis ferdigheiter gjennom leik og moro. I dag er det mange som ikkje har ski og dermed verken kan vidareføra arva etter Sondre Norheim eller tileigna seg ferdigheitene til Kari Traa.


For kun kr 170,- elev får de:

  • Heiskort 1 dag (inkl. Voss Gondol)
  • Leige av ski, sko, stavar hjelm for dei som ikkje har eget utstyr.
  • 2 timar ski-instruksjon for nybyrjarar
  • 1 lærar gratis pr 10 elev.
  • Tilbodet gjeld frå veke 1-5, ein skidag pr. skule. Høver ikkje dette tidsrommet kan me sjå på alternative datoar i april.

For skidag utanom dette tidsrommet er prisen 225,- per elev, per dag (utan instruksjon og skileige).

Me kan lage eit tilbod med langrenns/turski når vi kjenner talet på elevar som ynskjer dette. Det er avgrensa kor mange par ski vi har i denne kategorien.
Me meiner dei fleste born vil ha gleda av skiinstruksjon. Skiskulen har lang erfaring i å undervise born. Elevane vert delt inn i grupper etter ferdigheiter. 


Merk at det sesongen 2019/2020 ikkje går skibuss opp i anlegget. Kjem de med tog nyttar de Voss Gondol opp i skianlegget. Dette inngår i prisen.


Meir informajon og bestilling​

For grupper/klassar over 15 personar må ein fellestinga billettar og gje antall på kor mange som ynskjer å leiga skiutstyr. Ver tidleg ute med å bestille då enkelte dagar kan vera opptekne grunna stor pågang.  Send e-post til fjellheisar@vossresort.no

Andre kampanjar

  • Sesongkort for høgskule-, fagskule- og universitetsstudentar

    Går du på høgskule, fagskule eller universitet? Då må du sjekka supertilbodet vårt på sesongkort!

    Kr. 1950,-

    Les meir og book no »
  • Freestyleklubbens Smalahovefest

    Alle Smalahovefestars mor er tilbake! Velkomen til Freestyleklubbens legendariske Smalahovefest; i år på Hangurstoppen Restaurant.

    Les meir og book no »
  • Julebord på Hangurstoppen

    Velkomen til eit tradisjonsrikt julebord med pinnekjøt, ribbe, vilt og skalldyr!

    Les meir og book no »
  • Nyttårsfeiring på Hangurstoppen

    Velkomen til nyttårsfeiring på Hangurstoppen! Bli med på 4-rettars middag med vinpakke, fest eller begge deler!

    Frå kr. 250,-

    Les meir og book no »
  • Tilbud til vidaregåande skular i Hordaland

    Gjennom heile 19/20-sesongen får vidaregåande skular i Hordaland skidag til kr. 275,- per elev i midtveke, samt 20% rabatt på skileige.

    Kr. 275,- per elev

    Les meir og book no »
  • Tilbud til ungdomsskular i Hordaland

    Frå veke 1-5 i 2020 får ungdomsskular skidag (inkl. skiinstruksjon, leige og heiskort) til kr. 170,- per elev. Første mann til mølla!

    Kr. 170,- per elev

    Les meir og book no »
  • Tilbod til barneskuler i Hordaland

    Veke 1. - 5. tilbyr me barneskoler i Hordaland skidag (inkl. heiskort, skileige og instruksjon) i Voss Resort for kun kr. 100,- er elev. Første mann til mølla!

    Kr. 100,- per elev

    Les meir og book no »
  • Fly and Stay

    Fly som supermann i Noregs største vindtunnel hjå Voss Vind og slapp av og finn roen hjå Voss Resort!

    Frå kr. 870,-

    Les meir og book no »