Pakker og tilbod

#paovoss

Tilbod til barneskuler i Hordaland

I heile januar tilbyr me barneskoler i Hordaland skidag (inkl. heiskort, skileige og instruksjon) i Voss Resort for kun kr. 100,- er elev. Første mann til mølla!

Det er få ting som gler eit barnesinn meir enn snø å leika seg i, gjerne med ski på beina.

Voss Resort ynskjer å motivera barn og unge til fysisk aktivitet. Før var det ein naturleg ting å ha ski heime og læra seg basis ferdigheiter gjennom leik og moro. I dag er det mange som ikkje har ski og dermed verken kan vidareføra arva etter Sondre Norheim eller tileigna seg ferdigheitene til Kari Traa.


For kun kr 100,- per elev får de:

  • Heiskort 1 dag.
  • Leige av ski, sko,  stavar og hjelm for dei som ikkje eige utstyr.
  • 2 timar ski-instruksjon for nybyrjarar
  • 1 lærar gratis per 10 elev.

Tilbodet gjeld frå veke 1-5, ein skidag pr. skule for alderstrinna 1.- 7. klasse. 

Me meiner dei fleste born vil ha gleda av skiinstruksjon. Skiskulen har lang erfaring i å undervise born. Elevane blir delt inn i grupper etter ferdigheiter. Me kan lage eit tilbod med langrenns/turski når vi kjenner talet på elevar som ynskjer dette. Det er avgrensa kor mange par ski vi har i denne kategorien.

Minnar og om at 4.klassingar har gratis sesongkort i Voss Resort. Korta kan hentast ut ved framvisning av pass eller fødselsattest saman med foreldra. Denne skidagen er utanom dette tilbodet.


For meir informasjon og bestilling

Kontakt fjellheisar@vossresort.no

Andre kampanjar

  • Kampanje på heilårskort

    Kjøper du heilårskort før 1. juli 2019 får du ein ekstra månad med på kjøpet!

    Frå kr. 5800,-

    Les meir og book no »
  • Golfpakke

    Golf i naturskjønne omgivelser og bu i sjølvhushald hytter og leiligheter med flott utsikt, berre 15 minutt unna golfbana!

    Les meir og book no »
  • Fly and Stay

    Fly som supermann i Noregs største vindtunnel hjå Voss Vind og slapp av og finn roen hjå Voss Resort!

    Frå kr. 870,-

    Les meir og book no »