Midtvekekupp på overnatting i hytter
30% rabatt på overnatting i hytter og leiligheter i midtveke. God plass i løypene! Tilbudet gjeld til 20. februar.
Bu i moderne sjølvhushaldhytter med skibakken og fjellet som nærmaste nabo! Voss Resort er Vestlandet sitt største skianlegg og ligg tilknytt Voss sentrum, berre 99 km frå Bergen. Me har to velkomstsenter; eit ved gondolbana i Voss sentrum og eit i Bavallen.
- 24 nedfartar, inkl. ei internasjonal storslalomløype og ei SuperG løype.
- Fantastisk skiterreng og fleire område for off-piste.
- 18 kilometer preparerte og sporsette langrennsløyper.
- Kveldskøyring 3 gonger i veka; tirsdag, torsdag og fredag.
- Meir enn 1 mil med lysløyper (Slettafjellet, Storslalomløypa, Alphaløypa, Familieløypa og Badnakrokjen).
Bur du i hytter som er bestilt via Voss Resort er du garantert heiskort i skianlegget.
Book overnatting her
Guida turar
Voss Resort har eit fantastisk skiterreng. Opplev dette med guidar som kjenner anlgget og området aller best!
Guida turar |
Antall timar |
Pris pr pers |
Guiding i skogsløyper og ekta Vossapudder |
3 timar |
750 kr |
Guida topptur |
3 timar |
1550 kr |
* Minimum 5 personar. Alle turane eignar seg for både ski og snowboard. Har du ikkje utstyr sjølv har skiutleiga landets beste utval av av breie ski med skifell og topptur binding.
Covid-19
Me er avhengige av å jobba saman med dykk for å skapa gode opplevingar på ski i vinter. Det viktigaste me krev frå deg som gjest, før du tek skia fatt, er at du spør deg sjølv: Er eg sjuk? Er eg i karantene? Svarer du ja på eit av desse skal du ikkje besøka Voss Resort/Voss Gondol. Me er heilt avhengige av at folk som har symptomer, er sjuke eller i karantene, held seg heime.
Me har utarbeida gode smitteverntiltak for heile anlegget. Les desse før du kjem og følg elles skiltinga i anlegget.
Les meir om smittevern her
Velkommen til alpebygda Voss!