Pakker og tilbod

#paovoss

Golfpakke

Golf i naturskjønne omgivelser og bu i sjølvhushald hytter og leiligheter med flott utsikt, berre 15 minutt unna golfbana!


Om Voss Golf

Voss Golf ligg idyllisk plassert ved Lønavatnet og berre 15 minutt frå Voss Resort. Fjella rundt golfbana gjev ei spektakulær ramme rundt anlegget. Banen passer for både nybyrjarar og elitespillere og er lett å gå med kort astand frå green til tee. 

Klubbhuset er plassert like ved driving-range, putting-green og chipping-green. Kafeen i klubbhuset, med servering av smårettar og øl og vinservering, er betjent alle dagar i høgsesongen juni til august, og ut over dette i helger og ved turneringar.

 

Overnatting i Voss Resort

Voss Resort ligg flott til med utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og med korte avstandar til det meste. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, og omlag ti minutt frå Voss sentrum, eller fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo. Voss Resort er eit perfekt utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar og med fjellet like utanfor døra. 

Hjå oss bur du i hytter og leiligheiter av høg kvalitet, som er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. 
 

Golf and stay pakketilbud

I samarbeid med Voss Golf tilbyr me pakkepris på overnatting, samt greenfee. 

Vekedagar
  • Overnatting og greenfee frå kr. 620,- per person, per natt (ved min. 4 personar i ei hytte).
Helg
  • Overnatting og greenfee frå kr. 660,- per person, per natt (ved min. 4 personar i ei hytte).
     

Booking

Ta kontakt med post@vossresort.no / 4700 4700. 

Prisen inkluderer ikkje utvask eller sengetøy (dette kan bestillast i tillegg).
I Voss Resort finn du hytter/leiligheiter som rommer frå 2-8 personar.

Andre kampanjar

  • Kampanje på heilårskort

    Kjøper du heilårskort før 1. juli 2019 får du ein ekstra månad med på kjøpet!

    Frå kr. 5800,-

    Les meir og book no »
  • Golfpakke

    Golf i naturskjønne omgivelser og bu i sjølvhushald hytter og leiligheter med flott utsikt, berre 15 minutt unna golfbana!

    Les meir og book no »
  • Fly and Stay

    Fly som supermann i Noregs største vindtunnel hjå Voss Vind og slapp av og finn roen hjå Voss Resort!

    Frå kr. 870,-

    Les meir og book no »