Ver varsom i naturen

Vis omsyn

Ver varsam i naturen - Vis omsyn

Dei ulike turstiane og turvegane i fjellet er vorte opna opp for bruk av grunneigarane. Alle som følgjer veg og sti må forvalta denne invitasjonen på best mogeleg måte. Far fint med naturen, og ta med deg boset heim (eller bruk bosbøttene ved Hangursrestauranten), slik at alle kan få gleda over rein natur.

Nokre hugsereglar:

  • Lat att grinder.
  • Ha respekt for ville dyr i marka, men også dei som er på beite. Gå ikkje for nære, dyra kan verta skremde.      
  • Ver merksam på lokale reglar for båndtvang for hundar.

Sjølv om stiane er lagt godt tilrette og merka, kan det likevel skje endringar undervegs (t.d. at merkinga vert borte). Voss Resort, eller dei som har lagt tilrette for turane tek ikkje ansvar for skader eller anna som måtte skje under turen.

Turar både til fots og sykkel skjer på eiga ansvar og risiko.

Undermeny