Ta ekspressheisen til fjells!

Utforsk fjellet ved å ta stolheisen til topps og få umiddelbar tilgang på ei mengde turstiar i vakre omgivnadar.

Under Ekstremsportveko (24. – 29. juni) kan du ta Ekspressheisen i Bavallen for å koma deg til fjells. Heisen tek deg frå 285 moh (bunn) til 817 moh (topp). Frå toppen av heisen har du tilgang til ei rekkje flotte stiar og turmål.

Heisen er og ope for deg som ynskjer å ta med sykkel eller paraglidar.


Viktig informasjon om stengte områder:

Fram til 1. juli 2019 er området rundt Hangurstoppen (820 moh) ein byggeplass. Dette grunna den nye gondolen som opnar seinare i juli 2019.
Ver oppmerksom og respekter dei lukka områda (merka med skilt og gjerder).

 

Opningstider 2019

Dagar Klokkeslett
Mandag – laurdag, 24. - 29. juni 09:00 – 16:00

 

Prisar 2019

 Prisar
Enkelttur (m/u sykkel) 100,-
Enkelttur, familie (2 voksen og inntil 2 barn) 280,-
1 dag 280,-
2 dagar 450,-
Vekopass, 6 dagar 900,-

Lønahorgi (1410 moh) er eit flott turmål med spektakulær utsikt frå toppen. På fine dagar kan ein sjå heile 4 isbrear frå toppen; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

 

Frå Bavallstoppen har ein tilgang til fleire område som kan nyttast med sykkel. 
Under Ekstremsportveko vert det laga til ei eige utforløype frå ekspresstoppen og ned til Bavallen.  

 

Undermeny
BuGjereHeiskort

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato (post@vossresort.no / 4700 4700)