Fotturar

Voss Resort

Vandring i Voss Resort

I fjella som omringer Voss Resort finn ein turstier som passer for alle.

Enten du ynskjer lange eller korte turar er Voss Resort eit perfekt utgangspunkt for vandring i fjella. Her finn ein fleire merka stiar som passer for dei fleste.

Frå juni – august 2017 er det og mogleg å benytte seg av ekspressheisen i Bavallen i helgene – då kjem du deg eit godt stykke på veg, frå heile 285 til 817 moh. I tillegg kan du og vera med på ein flott guida vandretur i i Voss Resort, kvar onsdag i samme periode.
 

Hanguren

Området på Hanguren er flott å gå i uansett alder og form; ein vel sjølv kor mykje ein vil gjere ut av det. Her finn ein stiar som høver små barneføter, og turar for dei som ynskjer ei ekstra utfordring for både musklar og kondisjon. Uansett kvar du går får du fin natur med på kjøpet! Frå Hangursrestauranten har ein flott panoramautsikt over Voss sentrum og Vangsvatnet.

Frå Hanguren har ein og anledning til å gå vidare til Røde Kors hytta, Raugstad, Lønahorgi eller Bavallen. 
Ein kan og ta seg ned til Mølstertunet og vidare ned til Voss sentrum om ein ynskjer det.

Foto: Erik Østlie
 

Røde Kors hytta

Røde Kors hytta kan ein nå både frå Bavallen og frå Hanguren. 
Hytta finn ein like ved Valbergstjørni og her har ein høve til å bade på varme sommardagar.
Røde Kors hytta er eit populært turmål med flott utsikt til nokre av Vossafjella, mellom anna Lønahorgi.


Foto: Erik Østlie


Lønahorgi

Lønahorgi (1410) er eit anna populært turmål med utgangspunkt frå Voss Resort. 
Vel mellom start frå Hanguren eller Bavallen. På toppen har ein spektakulært utsikt og på fine dagar kan ein sjå heile 4 isbrear; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

Denne fotturen er for dei litt meir utholdne, då det er ein krevande tur på ca. 20 km tur/retur som tek omlag 6-8 timar, alt etter kvar ein starter frå. Frå Bavallen til Lønahorgi er det omkring 1100 høgdemeter.
Ruta er sommermerka og går i høgfjellsterreng. Ta difor med utstyr som kart og kompass og vèr budd på skiftande vêr. 


Kart over turløyper

Eit kart med områder over turløyper finn du her.
I brosjyra “Hanguren – turområde” finn du og ei oversikt, samt kart, over dei ulike turløypene i området på og rundt Hanguren. Kartet vil du og finne tavler rundt om i terrenget. 

 

GOD TUR!

Kontakt oss på:

tlf: 4700 4700
post@vossresort.no

Voss Resort Bavallstunet
Bavallstunet 26
5700 VOSS

Undermeny