Overnatting

Voss Resort

Overnatting i Voss Resort

Bu i hjarta av Fjord Norge – berre 5 km frå Voss sentrum og 99 km frå Bergen.

Voss Resort ligg flott til med utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og med korte avstandar til det meste. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, og omlag ti minutt frå Voss sentrum, eller fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo.

Voss Resort er eit perfekt utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar. Her har heile familien fjellet og naturen som spanande leikeområde rett utanfor døra! Me legg vekt på at området skal vera roleg og familievenleg. Ansvarleg leigetakar av våre hytter/leilegheiter må vera 23 år eller meir.

Hyttefeltet består av 138 hytteeiningar med to separate leilegheiter, vertikal- eller horisontaldelte. Dei ligg på mellom 50 - 120 m² i storleik. Voss Resort disponerer omlag 70 einingar for utleige året rundt, samt seks moderne innreia leilegheiter i andre etasje i servicebygget.

Servicebygningen har matsal, salong, stort resepsjonsområde, toalett, og bar med alle rettar. Her er det mulig å arrangerer selskap i alle former. I tillegg er det moderne lokale for møte og seminar i tredje etasje.

Kontakt oss

tlf: +47 4700 4700
post@vossresort.no

Voss Resort Bavallstunet
Bavallstunet 26
5700 Voss 

Undermeny