MTB for barn

Grebbesbakken – Voss Resort

Gratis heisbasert sykling for barn!

Kvar dag under Ekstremsportveko 2018 kan barn få prøva seg på “heisbasert sykling” i Grebbesbakken i Voss Resort.

Grebbesbakken finn du like ved billettkontoret i Bavallen, så her er enkel tilgang for både store og små. I bakken vert det laga til ei spannande sykkeløype med hopp og hinder. Grebbesbandet (skiband) kan nyttast for transport av sykkel og syklist. Aktiviteten er gratis.

Kafeèn er open når heisen går. 
Vennligst merk at dette ikkje er ein organisert aktivitet, så barna må difor ha fylgje av ein vaksen.
Hugs at hjem er påbudt!

På tirsdag 26. juni og torsdag 28. juni fra 17:30 til 19:00 vert det ein morsom konkurranse.
Kom med den sykkelen du har, og hugs hjelm. Du får utlevert startnummer og skal gjennomføre ei merka sykkelløype/trimløype i Grebbesbakken. Det vert ingen rangering, kun fokus på å delta. Premiar til alle som gjennomfører løypa.

 

Opningstider

Dato Klokkeslett
Laurdag 23. juni 09:00 – 15:30
Sundag 24. juni 08:30 – 15:30
Mandag 25. juni 10:00 – 17:00
Tirsdag 26. juni 10:00 – 19:00
Onsdag 27. juni 10:00 – 17:00
Torsdag 28. juni 10:00 – 19:00
Fredag 29. juni 10:00 – 17:00
Laurdag 30. juni 10:00 – 17:00

 

Kontaktinformasjon for aktivitet: 

Voss Resort v/
Karethe Hoft Solstad

Tlf: (+47) 95 03 60 89

Undermeny